Hopp til innhald

Fagstoff

Lyd i film

Lyden er ein viktig del av filmopplevinga. Derfor må du finne lyd som passar til videomaterialet ditt og redigere filmen slik at han passar til det lydsporet du har valt.
Person i profil som lytter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk gjennom dette før du startar lydarbeidet:

  • Kva slags film skal dette bli? – ein animasjonsfilm, ein dokumentar, ein reportasje?
  • Kven skal sjå filmen din? – kven er målgruppa, kor skal du vise filmen?
  • Kva vil du med filmen din? – fortelje, informere, appellere til kjensler?

Lydkjelder

Filmlyden er sett saman av lyd frå ulike kjelder. Det er vanleg å skilje mellom fire typar lydkjelder:

  • Den menneskelege røysta
    Replikkar i fiksjonsfilm, utsegner i eit intervju eller ein kommentar i reportasjar og dokumentarar er den lydkjelda som eignar seg best til å formidle informasjon.
  • Kontentum eller reallyd
    Kontentum eller reallyd er opptak frå miljølydar på opptaksstaden. Det kan vere trafikkstøy, barn som ler, fuglesong, eller bare klangen i det rommet opptaka blir gjort i. Slike lydar kan bidra til å formidle det miljøet og den atmosfæren filmen utspeler seg i.
  • Effektlydar
    Effektlydar er lydar du enten produserer sjølv eller finn i eit lydarkiv. Det kan vere ein ekstra tydeleg lyd av ei dør som knirkar, eller ein annan skummel lyd som gjer at dei som ser filmen, får ei kjensle av fare og dramatikk.
  • Musikk
    Musikk blir brukt til å framheve stemningar og påverke kjenslene våre. Å klippe på rytme er som regel viktig dersom musikken er framtredande. Men som eit verkemiddel kan du også bruke musikk som står i kontrast til den stemninga bileta formidlar.

Diegetisk og ikkje-diegetisk lyd

Diegetisk lyd er lyd som høyrer naturleg heime i filmuniverset. Det kan vere lyden frå ein bil som køyrer forbi, eller musikk frå eit radioapparat som står på i bakgrunnen. Lyd som ikkje kan koplast til filmuniverset, blir kalla ikkje-diegetisk lyd. Lydeffektar og musikkspor som blir lagde på i etterkant, er eksempel på ikkje-diegetisk lyd. Det er lyd som ikkje naturleg finst der filmen blir teken opp. Lyd framhevar og forsterkar stemningar, og er derfor ein viktig del av totalopplevinga av ein film.

Lyd i animasjonsfilmar

Dei mest vanlege lydane er effektlydar, som understreker dei rørslene som figurane gjer. Nokre gonger blir musikk brukt som bakteppe. Du kan også kombinere effektlyd og musikk. Musikken er god å ha når det er litt lenge mellom rørsler og effektlydar i filmen. Dersom du vil at musikken skal vere meir enn berre eit bakteppe i filmen din, kan du bruke han til å understreke det som skjer visuelt. Lytt etter skiftingar og høgdepunkt i musikken, slik at du kan få dei til å falle saman med rørsler, stemningar og handlingar hos figurane.

Lytt til lydbiletet i Torill Kove sin animasjonsfilm Min bestemor størk kongens skjorte. Korleis blir effektlyd, tale og musikk brukt her?

Lyd i reportasjefilm

I reportasje brukar ein ofte miljølyd, musikk og tale – som «voice-over» eller synkront, for eksempel i intervju. Det er mange måtar å kombinere desse lydelementa på. For at publikum skal oppfatte kva som blir sagt, kan musikken tonast ned eller heilt bort medan folk snakkar. Ein bør dempe miljølyden kraftig.

Det beste er å gjere opptak av miljølyd og tale kvar for seg. Då kan du justere lydnivåa i høve til kvarandre – og til musikken – når du redigerer lyden. Men dette er ikkje alltid råd å få til. Har du både miljølyd og tale, bør du unngå musikk i tillegg. Lydbiletet kan lett bli eit samansurium. Men du kan leggje musikk bak tale, så lenge han ikkje gjer det vanskeleg å oppfatte kva som blir sagt.

Redigering av lyd og bilete

Rytme

Lytt til musikken og legg merke til tydelege endringar i rytme, styrke eller stemning. Når du redigerer, må du passe på at endringar i musikken samsvarar med klipp i filmen. Slik kan lyd og bilete støtte opp om kvarandre og fungere som ein heilskap.

Eksempel:

Tips

  • Musikk med tydeleg rytme er bra for nybyrjarar – han gjer videoredigeringa enklare. Det er meir krevjande å jobbe med musikk som ikkje har ein klar rytme.
  • Legg ikkje inn videoklipp på alle taktslaga når musikkrytmen er svært rask, då vil filmen din bli føreseieleg og keisam. Dessutan kan biletsekvensane bli så korte at publikum ikkje klarer å oppfatte informasjonen der. Særleg i reportasje og dokumentar er det viktig å unngå for korte klipp, fordi biletsekvensane inneheld viktig informasjon som publikum må få tid til å oppfatte.
  • Når musikkrytmen er mindre markert, må du lytte til musikken og finne høgdepunkt som du kan klippe videoen etter. Følg trommeslaga, dersom du finn nokre, dei er «hjarterytmen» i musikken.

Rekkjefølgje

Kva skal starte først i filmen din – musikken eller biletet? Det går sjølvsagt an å la begge starte på same tid. Men du kan gjere filmen din meir interessant ved å starte lyden før biletet – eller omvendt.

Eksempel:

Kontrast

Det kan også vere verknadsfullt å bruke musikk som dannar ein kontrast til den visuelle bodskapen i filmen.

Musikk- og bileteffektar

  • Støy
    Dersom musikken din inneheld «støy», kan det vere smart å leggje til «støy» i biletet også. Eksempel: Støyeffekt
  • Høg lydstyrke
    Parti i musikken som merkar seg ut, kan ein også framheve visuelt. Du kan for eksempel auke lys, mørke eller intensitet i fargar. Kva for effektar du vel, vil vere avhengig av ideen med filmen din. Eksempel: Lyd og lys
  • Stigande lydstyrke eller tempo
    Når musikken blir tona inn, kan det vere effektfullt å tone biletet inn på tilsvarande måte: ton inn frå svart eller gå frå uklart til skarpt. Eksempel: Frå uklart til skarpt

Titlar og musikk

Tittelen er ein viktig del av filmen, så det er viktig at du presenterer han på ein god måte. Tittelen kan ha sitt eige musikkspor, eller dukke opp etter at filmen har starta.

Eksempel:

Relatert innhald

Min bestemor strøk kongens skjorter, er ein animasjonsfilm av Torill Kove. Bestemora til Kove starta ein "skjortegerilja" under 2. verdskrigen.

CC BY-NC-NDSkrive av Trygve Skanding. Rettshavar: Mediana
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Produser lyd