Hopp til innhald

Fagstoff

Overgang frå lysfargar (RGB) til trykkfargar (CMYK)

Sjølv om ein skjerm kan vise tallause fargenyansar, kan ikkje skrivaren gje att alle desse. Det er viktig å ta omsyn til at CMYK ikkje har like stort fargeomfang som RGB når digitalt arbeid skal gå frå skjerm til trykk.
Modell av ulikt fargeomfang på skjerm og print. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan sjå milliardar av ulike fargar. Ein skjerm kan vise millionar av dei, mens ein god skrivar berre kan printe eit tusental fargar.

Fargeomfang

Fargeomfang fortel oss kor mange fargenyansar ei eining (til dømes skjermen eller skrivaren din) klarer å lese eller å gje att. Det er viktig å vere klar over at skjermen kan vise fleire fargar enn skrivaren klarer å printe. Derfor er det lurt å arbeide med CMYK-fargar når digitalt arbeid skal trykkast. CMYK som dokumentoppsett gir deg mindre fargerom enn RGB. Du kan også bruke fargar frå standardiserte fargekartotek og palettar som til dømes Pantone.

Fargeomfanget er også avhengig av trykkmetode og papirval. Eit blankt ark gir att fargen på ein annan måte enn eit matt, porøst ark som sug til seg meir fargestoff.

CIE Lab

CIE Lab er eit internasjonalt standardisert fargerom som er vedteke av Commission internationale de l'éclairage (CIE). Fargerommet er basert på korleis menneske oppfattar fargar med synet, uavhengig av kva slags eining fargane visast på. Det gjer at det kan brukast til å rekne om og konvertere fargar frå CMYK til RGB, frå papir til skjerm – og motsett. CIE Lab er nyttig når ein ønskjer at fargar skal kome likt fram på forskjellige flater. Det kan brukast som eit referansesystem for å lage fargeprofilar som gir lik visning av fargar til dømes på skjerm og på trykk.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 26.06.2019

Læringsressursar

Fargar