Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk Ittens fargesirkel til å lage fargepalettar

Her skal du eksperimentere med ulike fargeval og lage fleire versjonar av ein plakat. Bruk Ittens fargesirkel som utgangspunkt til å finne fargepalettar. Prøv ut kva slags verknad dei ulike fargesamansetningane kan gi.
Åtte fargepalettar: monokromatisk, analog, komplementær, triade, utvida komplementær, firklang, trend frå nettside, søkeord: birthday. Illustrasjon.

Lag fargepalettar

Start med å lage fargepalettar ved hjelp av Ittens fargesirkel. For å løyse oppgåva kan du gjerne nytte deg av nettstader som Adobe Color eller Coolors, som kan gjelpe deg med å generere fargepalettar etter ulike parametrar. Lag følgande fargepalettar, med fem fargar i kvar:

  1. Monokromatisk fargesamansetning: Vel fargar som tek utgangspunkt i éin kulør (farge), men som kan blandast ut med svart, kvitt og grått.

  2. Analog fargesamansetning: Vel fargar som harmonerer fordi dei ligg nær kvarandre i fargesirkelen og liknar kvarandre.

  3. Komplementærkontrast: Vel to fargar som står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Prøv deg fram både med reine, metta fargar og med komplementærkontrast som er dempa ved å blande den eine eller begge fargane med svart, kvitt eller grått.

  4. Triade: Vel tre fargar som står like langt frå kvarandre i fargesirkelen og dannar eit triangel. Lag ein palett med reine, metta fargar før du dempar triaden ved å blande ein eller fleire fargar med svart, kvitt eller grått.

  5. Utvida komplementærkontrast: Her vel du dei to fargane som står på kvar side av komplementærfargen i fargesirkelen. Her kan du òg dempe fargevalet ved å blande ein eller fleire fargar med svart, kvitt eller grått.

  6. Firklang: Vel fire fargar som ligg like langt frå kvarandre i fargesirkelen, eller fire fargar som er plassert som eit rektangel. Her kan du òg dempe fargevalet.

  7. Trendfargar: Finn ein fargepalett på eitt av dei nemnde nettstadene i oversikta over fargarpalettar, som er populær eller "trendar" for tida.

  8. Temabasert søk: Søk på eit tema og finn ein fargepalett som dukkar opp når du søker på temaet.

Bruk ein av fargepalettane dine i ein plakat

Plakat med teksten "think positive" over eit stort plussteikn. Foto.

Finn ein plakat med ein CC0-lisens som gir deg løyve til å omarbeide materiellet til andre, eller bruk ein av plakatane på nettsida Creative Commons.

Vel ei målgruppe og bruk den fargepaletten du meiner vil kommunisere best med den valde målgruppa. Prøv gjerne ut fleire av fargepalettane i plakaten.

Du kan om ønskeleg utvide fargepaletten med fleire fargar, men hald deg innanfor den typen fargepalett du har valt.

Vurder korleis dei ulike fargane verkar på kvarandre. Grunngi kva fargeval du meiner vil treffe målgruppa di.

Bunke med einsfarga ark i turkist, rosa, oransje, lilla, kvitt og mørkeblått. Ein binders er festa til dei to øvste arka. På det øvste arket står det "Norsk Litteraturfestival, Sigrid Undset-dagene, Lillehammer", tjuande til tjuefemte mai 2014. Grafikk.



CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2022

Læringsressursar

Fargar