Hopp til innhald

Fagstoff

Kvalitetskontrasten

Med fargekvalitet meiner Itten fargen sin reinleik eller metting. Når dei reine fargane blir gjort lysare eller mørkare, mistar dei fargestyrke. Kvalitetskontrasten er motsetnaden mellom sterke, strålande fargar og matte, uklåre fargar.
Rosafarge brekt med nøytral grå. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Metting seier noko om fargeintensiteten. Kor sterk er fargen? Ein rein farge har høgare metting enn ein farge som er blanda med svart og/eller kvit.

Kvalitetskontrasten oppstår når vi set sterke og klare fargar mot svake og duse. Dei sterke fargane vil skilje seg ut og få mest merksemd.

Korleis endrar vi kvaliteten i ein farge?

Fargar som er sterke og reine, seier vi har høgare kvalitet enn svake fargar.
Vi kan gjere fargar uklåre på fire forskjellige måtar:

  • Vi kan blande ein rein farge med kvit. Då blir fargen lysare, og han får eit kaldare preg
  • Vi kan blande ein rein farge med svart. Då blir fargen mørkare.
  • Vi kan blande ein rein farge med grått. Då beheld fargen fargetonen, men han mistar klårleik og blir mattare.
  • Viss vi blandar inn komplementærfargen til ein farge, vil han bli meir grumsete. Når alle primærfargane (gul, raud og blå) er til stades samtidig, vil målinga bli grå eller brun. Dette kan du lese meir om i NDLA sin artikkel om komplementærkontrasten.

Å brekke ein farge

Vi kan dempe ein farge ved å blande han med ein annan farge. Når vi endrar fargekvaliteten i maling, kallar vi dette å "brekke" ein farge

Relatert innhald

Komplementærfargane står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Dei framhevar og forsterkar kvarandre.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2019

Læringsressursar

Fargar