Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fargane sin eigenkontrast i eit glasmåleri

Prøv ut ulike fargar i flatene på eit glasmåleri. Vurder effekten av fargebruken.
Nærbilete av glasmåleri med klåre fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Lag utkast til eit glasmåleri i eit teikneprogram.
  2. Fyll fargeflatene med reine, klåre fargar og prøv ut ulike fargesamansetjingar.
  3. Prøv ut korleis fargeverknaden endrar seg når du bruker svarte og kvite linjer mellom fargeflatene.
  4. Vurder eigenkontrasten i dei ulike fargeforslaga.

Alternativt kan du bruke eit foto av eit glasmåleri eller bruke det geometriske mønsteret i biletet under. Eksperimenter med å endre fargane og prøv ut ulike fargesamansetjingar.

Geometrisk mønster konstruert av kryssande linjer og sirklar. Figur.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Den enklaste kontrasten er fargane sin eigenkontrast eller kulørtonekontrasten. Denne oppstår når ein set minst tre ulike fargar saman.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2019

Læringsressursar

Fargar