Hopp til innhald

Fagstoff

Kald-varm-kontrast

Nokre fargar opplevast varme, og andre kalde. Opplevinga av enkelte fargar som varm eller kald er avhengig av kva fargar dei står ved sidan av.
Kald-varm-kontrast får vi ved å setje kalde og varme fargar mot kvarandre. Denne kontrasten kan skape intensitet og djupneverknad.
Figurar med fargeelement som bryt med dei øvrige. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kalde og varme fargar

Fargar med raudt og gult blir gjerne oppfatta som varme, til dømes oransje og fiolett med ein del raudt i. Fargar som inneheld grønt og blått, blir ofte oppfatta som kalde, til dømes blågrønn og fiolett med ein del blått i.

Opplevinga av enkelte fargar som varm eller kald kan vere avhengig av kva fargar dei står ved sidan av. Til dømes kan raud-fiolett opplevast varm ved sidan av blågrøn, men kald ved sidan av oransje.

Figurar med raud-fiolett på grønblå og oransje bakgrunn. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kald–varm-kontrast

Kald–varm-kontrast får vi ved å setje kalde og varme fargar mot kvarandre. Hovudvekt av varme fargar gjer at eit uttrykk verkar varmt, og hovudvekt av kalde fargar gjer at eit uttrykk verkar kaldt.

Figurar med blå og oransje felt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ittens fargesirkel delt i varme og kalde fargar med ein svart strek over midten av sirkelen. Illustrasjon.

Vi deler gjerne fargesirkelen med kalde fargar i venstre og varme fargar i høgre halvdel. Jo lengre avstand det er mellom ein varm og ein kald farge i fargesirkelen, desto større blir kontrasten. Raudoransje og blågrøn er den største kald-varm-kontrasten.

Kald-varm kontrast kan skape djupneverknad

Gjenstandar som er langt borte frå oss, verkar kaldare enn dei som er nær oss. Dette kjem av luftlaget som er mellom oss og gjenstandane. Varme fargar kan vi oppleve nære, som om dei kjem mot oss. Mens kalde fargar trekker seg vekk og kan få ting til å verke lengre unna. Dette kan vi bruke til å skape djupneverknad.

Kald-varm-kontrast kan skape intensitet

Kald-varm-kontrastar kan også gi meir intensitet til eit uttrykk. Sterke, varme fargar kan vi bruke til å framheve viktige element.

Fargerik veske i varm, raudoransje farge mot ein kald, blå bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2024

Læringsressursar

Fargar