Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk fargeeigenskapar til å setje saman fargar

Bruk fargesirkelen og øv deg på å finne fargar som har like eigenskapar. Lag fargepalettar der fargane har likskap i kulør, metting eller valør. Bruk gjerne foto som inspirasjon til å finne fargesamansettingar.

Gå gjennom fargepalettane i presentasjonen over og diskuter dei ulike fargeverknadane med sidemannen din.

Bruk fargesirkelen til å lage eigne fargepalettar. Du kan til dømes bruke: Adobe Color som verktøy. Dersom du vil bruke eit bilete som inspirasjon, vel du "trekk ut frå eit bilete" og lastar opp fila du vil bruke.

  1. Kulør beskriv kva for farge i fargesirkelen det er snakk om. Er han blå, gulgrøn eller lilla? Lag ein palett med same kulør (monokromatisk) og varier mengda kvit og / eller svart i den kulørte fargen.
  2. Lag ein palett med fargar som ligg ved sida av kvarandre i fargesirkelen (analog). Varier mengda kvit og / eller svart i dei kulørte fargane.
  3. Lag ein ny fargepalett som har same kulør, men denne gongen legg du til ein kontrastfarge frå motsett side av fargesirkelen (komplementærfarge).
  4. Metting seier noko om fargeintensiteten. Kor sterk er fargen? Viss ein farge er blanda ut med svart, kvitt eller grått, har han lågare metting og intensitet enn ein rein farge som ikkje er blanda ut.
    Lag ein palett der fargetonane har lik metting.
  5. Valøren fortel oss kvar fargen høyrer heime på ein lysheitsskala frå svart til kvitt. Lag ein palett der fargetonane har same lysheitsgrad (valør).

Vel den paletten du er mest nøgd med og bruk han som utgangspunkt for eige skapande arbeid.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2022

Læringsressursar

Fargar