Hopp til innhald

Fagstoff

Teieplikt

Teieplikta avgrensar retten til å bringe opplysningar om personlege forhold vidare. Det dreier seg vanlegvis om opplysningar som vedkjem den fysiske og psykiske helsa til ein person, og opplysningar som på andre måtar høyrer privatlivet til.
Kvinne med plaster over munnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor har vi teieplikt?

Teieplikta skal beskytte brukarar mot at opplysningar om personlege forhold ikkje kjem på avvegar. Teieplikta skal sikre at folk kan ha tillit til dei yrka som er underlagde denne plikta.

Du finn reglar om teieplikt i

  • forvaltingslova
  • helsepersonellova

Kor lenge gjeld teieplikta?

Teieplikta gjeld frå du inngår eit arbeidsforhold og varer resten av livet, sjølv om du sluttar i den aktuelle jobben. Brot på teieplikta kan føre til oppseiing og fengselsstraff.

Unntak frå teieplikta

Teieplikta kan i nokre tilfelle falle bort når det er gitt samtykke frå personen som har krav på tausheit. Dette kan vere aktuelt når du skal hente informasjon frå ein annan instans, eller når du skal gi informasjon til pårørande.

Opplysningsplikt

Når pasienten eller andre sine liv kan vere i fare, har helsepersonell plikt til å gi opplysningar om dette vidare. Alle som er underlagde teieplikta, skal varsle barnevernet dersom dei får kjennskap til at barn blir utsette for omsorgssvikt eller mishandling.

Relatert innhald

Når du arbeider i helse- og oppvekstsektoren, kan du kome i situasjonar der det ikkje er så enkelt å velje kva du skal gjere.

CC BY-SASkrive av Ingvild Skjetne, Guri Bente Hårberg og Agnes Brønstad.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Lover og regelverk