Hopp til innhald

Fagstoff

Bass, diskant og mellomtone

Dei fleste høyrer forskjell på ein djup lyd og ein lys lyd. Bass-, diskant- og mellomtoneområda utgjer høgda i lydbiletet og definerer saman frekvensområdet for høyrsla.

Bass

Djupe lydar blir gjerne kalla bass. Vanlegvis er ikkje små høgtalarar konstruerte for å gi att djupe basslydar. Så om du lyttar til videoen på små PC-høgtalarar, er det ikkje sikkert du høyrer det som går føre seg i bassområdet, i det heile teke.

Når du skal jobbe med lyd som skal spelast på ulike lydsystem, er du avhengig av eit nøytralt lydbilete. Lydbiletet skal fungere så godt som mogleg på alle typar høgtalarar.

I bassområdet er det relativt trongt om plassen. Her blir det fort fullt, og ofte kan éin lyd åleine fylle opp lydbiletet. Om det er for mange djupe element, blir det lett eit grautete lydbilete, og det blir vanskeleg å skilje dei ulike lydane. Om du for eksempel har lyden av ein trailer som passerer, er det liten vits i å fylle opp lydbiletet med fleire djupe, meiningsberande lydar.

Dei av dykk som speler i band, kjenner nok til at det er lite plass til bass i eit lydbilete. Bassisten speler vanlegvis berre på éin streng om gongen og lagar berre éin tone.

Diskant

Diskant er lyse lydar. Kjernen i bokstaven S blir kalla en diskantlyd, ein lys fiolintone likeins. Konsonantar som P, T og F, S har mykje av eigenarten sin nettopp i diskantområdet. Om du ikkje høyrer desse bokstavane klart og tydeleg på film eller i radio, kan det bli meir vanskeleg å forstå kva som blir sagt, enn det treng å vere. Derfor er det viktig at det er nok diskant i stemmeopptak.

Dei fleste mikrofonar tek opp ein del diskantlydar, men det er ikkje alle som tek opp like mykje. Mange av dei mikrofonane som går under nemninga dynamiske mikrofonar, tek ofte opp litt mindre diskant enn dei fleste kondensator-mikrofonar.

  • Har ei stemme for lite diskant, kan det opplevast som om det er lagt ei pute over ansiktet på personen som snakkar.
  • Blir det for mykje diskant, vil det antakeleg låte litt hardt, kaldt, spisst eller skjerande av stemma.

I diskantområdet er det mest plass, meir enn i bassområdet, i alle fall pleier det å vere det. Høyrer du lyden av fire fuglar, kan det godt hende at det er plass til endå nokre til.

Mellomtone

Mellom bass og diskant ligg mellomtoneområdet. Her finn vi mange av dei lydane vi lettast oppfattar, som stemmeregisteret til menneske. Mellomtoneområdet inneheld tonene vi menneske til kvar tid høyrer best.

Lyttar du på eit lågt lydnivå, kan du oppleve at det er mellomtoneområdet du høyrer tydelegast. Om du lyttar med høgt lydvolum, vil du sjølvsagt høyre mellomtoneområdet då også, men bass og diskant vil tre tydelegare fram.

Melodi i musikk ligg stort sett i ein eller annan del av mellomtoneområdet. Han ligg svært sjeldan i bass- eller diskantområdet. Blir det for lyst eller djupt, oppfattar ikkje høyrsla dei ulike tonehøgdene så lett, og det blir vanskeleg å oppfatte melodiske element.

Høyrsla sitt frekvensområde

Det er farten, eller frekvensen, på svingingane i ein lyd som avgjer tonehøgda. Ein djup basstone har sakte svingingar, altså ein låg frekvens, mens ein lys tone i diskantområdet har hurtige svingingar, og dermed ein høg frekvens. Det høyrlege området mellom mørkt til lyst, bass, mellomtone og diskant, blir kalla høyrsla sitt frekvensområde.

CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2017

Læringsressursar

Lydteori