Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Maskering av sus

Gjer du lydopptak med mobiltelefon eller datamaskin, blir det som regel sus på lydsporet. Suset kan dempast og maskerast med ein equalizer og enkel redigering.
Lepper i popart-stil. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Opptak: Gjer eit stemmeopptak med den innebygde mikrofonen i maskinen eller i telefonen. Det er berre fint viss det blir med litt sus. Høyr på opptaket og legg merke til at det er sus i opptaket.
  2. Redigering: Legg inn filene i lydprogrammet.
    • Sjå først om du kan redusere susen på opptaket med ein equalizer ved å senke nivået på ulike delar av diskant-området.
    • Høyr korleis det påverkar forståinga av det som blir sagt.
    • Legg inn klippa i redigeringsprogrammet.
    • La det vere fem sekundar frå start til den første fila blir spelt av.
    • Truleg blir det eit hakk der opptaket og susen startar. For å redusere oppfattinga av støy, kan du no leggje inn ein lyd som maskerer starten på sus-sekvensen. Det kan for eksempel vere ein bil som passerer eit halvt sekund før susestart og dekkjer til susestarten.
    • Opplever du at susen er spesielt tydeleg no, eller er han til å leve med?
  3. Presentasjon: La dei andre i klassen høyre før og etter redigering
CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lydteori