Hopp til innhald

Fagstoff

Overtonar

Overtonar kling saman med grunntonen frå stemma eller frå eit musikkinstrument. Det er mogleg å forsterke grunntonar og overtonar i ein equalizer. Men høyrsla vår er slik innretta at vi automatisk fyller inn grunntonar som blir borte på grunn av eit dårleg lydanlegg eller bråkete omgivnader.

Vi tenkjer sjeldan over at ei stemme eigentleg består av meir enn éin tone. Syng du ein lang, flat tone, består han heilt riktig av ein grunntone, men på same tid kling det andre, lysare tonar. Desse blir kalla for overtonar.

Munnen er filter

Bokstavlyden «o» læt annleis enn «e» fordi forma på munnen framhevar ulike overtonar. Munnen blir som eit slags filter.

Det er avstand mellom grunntonen og den første overtonen, men oppover i registeret ligg overtonane tettare og tettare.

Med ein equalizer er det mogleg å forsterke eller dempe grunntonen eller utvalde overtonar.

Å kutte i bassen

Ettersom vi gradvis skjer ned på bassen, vil lydbiletet meir og meir likne på det som kjem ut av høgtalarane til PC-en. Der er det som kjent lite bass. Det er ikkje uvanleg at det som er under 100 Hz, ikkje blir høyrt frå PC-høgtalarar.

Kva då med djupe stemmer? Høyrer ein i så fall berre overtonane og ikkje grunntonen i stemma?

Ja, grunntonar som ligg under området som kan spelast av, blir ikkje høyrde. Men vi høyrer overtonane, og høyrsla er faktisk så klokt innretta at vi som lyttarar legg til den grunntonen vi ikkje høyrer.

CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lydteori