Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag lydeffektar

Har du tenkt over korleis alle lydane som blir brukte på radio eller i film blir laga?
Lydbølgjer som blir fanga opp av øyra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein lydeffekt?

Tenk deg at du sit i ein komfortabel stol heime i stova og lyttar på eit høyrespel på radio ein sein fredagskveld. Dramatiske lydar av vêr og vind dreg deg inn i høyrespelverda. Plutseleg smell eit kraftig lynnedslag som får deg til å hoppe opp av stolen. Det gode lydbiletet får deg til å følgje nøye med. Men er alle lydane eigentleg ekte?

Effektlydar blir brukte for å underbyggje ei bestemt stemning, gi truverde og overraske lyttaren. Det treng ikkje vere opptak av ekte lydar, men ei herming av dei fungerer ofte godt. Lydeffektane skal styrkje forteljinga og dra med seg publikum vidare inn i det skapte universet av lydelement. Nokre eksempel på effektar kan vere applaus, skritt i snøen, tasting på telefonen eller ein bil som kolliderer.

For å lage lydeffektar kan ein manipulere ulike lydar frå eigne opptak eller som er lasta ned frå eit lydbibliotek på nettet.

Oppdrag: Spel inn tre ulike lydeffektar

  • Plukk ut tre ulike lydeffektar som du har lyst til å lage.
  • Spel inn lydar med lydopptakar og rediger effektane i eit lydredigeringsprogram.
  • Presenter sluttproduktet i klassen og forklar korleis du har laga lydeffekten.
CC BY-SASkrive av Thomas Nupen.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2018

Læringsressursar

Lydteori