Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva for miljø vel du?

Når vi kombinerer bilete og lyd får vi inntrykk både gjennom høyrsel og syn. Klarer du å skilje kva det er som gir deg informasjon og kva som gir oppleving i desse eksempla?

Gå saman med andre og diskuter

  • Kva for eit av dei to miljøa ville de oppheldt dykk lengst i?
  • Kva for informasjon og oppleving får de på lydsida og på biletsida?
  • Kva er det lyd og bilete bidreg med kvar for seg og saman?
  • Kvifor er det slik, på kva måte er dei ulike sansane viktige?
  • Kva har dette å seie for korleis de skal planleggje og byggje lydbilete utan og med bilete?

Ta gjerne ein runde i plenum etterpå og høyr kva dei andre har snakka om.

CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lydteori