Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lytt til ulike frekvensar

Gjer eit lydopptak på ein stad der det finst lydar med ulik tonehøgde. Gjer deg kjend med toneområde og equalizeren i lydprogrammet ditt gjennom å fjerne ulike frekvensar av opptaket etter tur.
Abstrakt lysbølger i mange farger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Førearbeid: Finn ein passande opptaksstad.
  2. Opptak: Gjer eit opptak som har både lyse og djupe lydar. Det kan vere ved ein trafikkert veg, i ei kantine eller i eit kjøpesenter.
  3. Redigering: Hent inn den største og beste equalizeren som finst i programmet ditt.
    • Sjå om du finn ut korleis du kan fjerne dei djupaste frekvensane i opptaket. Det kan du blant anna gjere med eit high-pass- eller low-cut-filter.
    • Varier mellom å høyre på heile lydbiletet og berre å høyre på dei lyse lydane. Kjenn etter korleis lydbiletet påverkar deg.
    • Gjer tilsvarande både med dei djupe lydane og dei lydane som er i mellomtoneregisteret.
  4. Presentasjon: La dei andre i klassen lytte til resultatet etter at du har jobba med lydopptaket i equalizeren. Korleis opplever dei det lydbiletet du har laga?
CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lydteori