Hopp til innhald

Fagstoff

Skriftblanding

Det finst eit hav av skriftfamiliar og skrifttypar å velje mellom. Viss vi nyttar oss av alle vala, kan det fort bli rot, eller visuell støy.
Eksempel på bruk av typografi på plakat. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriftblanding

For å unngå visuell støy kan det vere lurt å følgje nokre råd om skriftblandingar:

  • Om du skal bruke to uike skrifter, er det lurt å velje ei skrift frå to ulike skriftgrupper, for eksempel ei groteskskrift saman med ei antikvaskrift. Desse to skriftgruppene står godt i kontrast til kvarandre.
  • To ulike antikvaskrifter bør ikkje brukast saman, og heller ikkje to groteske skrifttypar. To nesten like skrifter uttrykkjer det same. Å blande dei skaper berre støy.
  • Om du vil framheve delar av teksten, eller ha meir variasjon, kan du i staden nytte dei ulike skrifttypane (snitt/fontar) i kvar familie, som for eksempel normal, kursiv og halvfeit.

Til refleksjon

Studer teksten på biletet nedanfor.

  • Kva skriftgrupper er brukt i denne teksten? Kva er gjort for å framheve tekst eller å skape variasjon?
  • Kor mange skriftgrupper er brukt?
  • Kor mange skrifttypar (snitt/fontar) er brukt?
Teksteksempel med ulike skrifttyper. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Komposisjonsprinsipp i skrift

Ein skrifttype har ei form som er nøye designa av ein mediedesignar. Det er ikkje sjølvsagt at forma til éin skrifttype passar med ein annan skrifttype. Skriftblanding må i så fall vurderast nøye.

Når mange skriftblandingar skaper støy, handlar det om at det blir for mange kontrastar. Om det er mange detaljar på ei skrift, bør ho ikkje blandast med ei anna detaljert skrift. Då kan det bli for mange detaljar å forholde seg til, noko som kan føre både til visuell støy, til at det blir vanskeleg å lese, og dermed til støy i formidlinga av bodskapen.

Eksempl på skrift som skaper støy. Faksimilie.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Innføring i grafisk design