Hopp til innhold

Litterære tekster

London

I denne gåtefulle novella møter du de mørke tankene til et "jeg".

LK20

Han står rett framfor meg, sveittande i blådressen sin, jakka på armen. Han er ung. Det er noko med nakken hans som får det til å vibrere i mellomgolvet mitt. Vi står på ei fotgjengarøy i det store krysset i City og ventar på grønt lys. Vi står tettpakka som ein flokk pingvinar på eit smeltande isflak i drift, omgitt av uopphøyrlege straumar av stål og aluminium. Det er over 30 grader i skuggen, og den einaste skuggen som finst her, er dei spinkle avskyggingane av lysmastene. Bilane stryk forbi oss, så nær at kroppane våre rykker til for kvar bil som passerer, som om vi er støytvis vaknande, støytvis sovande. Han står heilt ytst på fortauet, med hælane så vidt inne på fortauskanten, skotuppane hengande over den varme, nesten klissete asfalten.

Eg løftar høgre handa og legg ho på ryggen hans, lågt, litt over korsryggen, slik at ingen ser det. Eg kjenner sveitten hans trenge igjennom skjorta akkurat der eg legg handa mi. Han prøver å snu seg, men eg gir han eit puff, og han vippar framover. Instinktivt gjer han ein korreksjon, ut med armane, bak med nakken, for å få igjen balansen. Han fell tilbake mot handa mi og står og svaiar, som eit tre i skogen med avsaga røter. Eg kjenner pulsslaga i handflata mi, han klarer ikkje å snu seg, han har stivna i ein boge. Eg kjenner adrenalinet rushe, eg blir kald i panna, det susar i øyra, det er som om tida har sakka ned, og så byrjar handa mi med roleg kraft å presse han framover, brystkassa hans skyt sakte ut, som eit prosjektil gjennom ein ballong, filma av eit høghastigheitskamera. Han lener seg bakover mot meg. Det er ein knapp ti centimeters kant frå øya ned til asfalten. Det er alt som skal til.

Eg er på nok ei symjetrening heime i Perth. Det er 15 år sidan, eg er framleis ung, har framleis eit mål i livet, eg skal bli toppidrettsutøvar, og etter det arkitekt. Eg svevar i lyset som bryt i det blå vatnet. Det følest som om eg blir fødd på ny kvar gong eg lèt kroppen min gli ned i det kalde vatnet, lèt det svelgje meg, lydlaust. Eg spenner i frå kanten, bryt overflata, berre for å forsvinne på nytt. Armane skyv meg framover med rytmisk kraft. Bobler kitlar langs kroppen, baneskilje glir raskt forbi i synsranda. Eg tel lengder, lèt hovudet mitt bli fylt med tal, lèt kvar lengd bli eit år i mitt liv. I lengd ti tenker eg på ti-årsdagen min, eg hugsar kaka, lysa, andleta til klassekameratane mine, mors glødande kinn i skinet frå kakelysa, tomrommet i fars stol. I lengd 16 tenker eg på Tammy, første gongen eg fekk kjenne vekta av eit jentebryst i dei famlande, enno hårlause hendene mine, dei mjuke leppene hennar. I lengd 19 tenker eg framover. Eg ser for meg at eg har fått meg ny bil, at Janet endeleg har oppdaga at eg eksisterer, at eg kjem inn på arkitektstudiet, at eg får lov av mor til å flytte heimanfrå sjølv om universitetet ligg berre ein kort køyretur unna. Eg fyller dei neste lengdene med draumar eg har for livet mitt. Kor mange meisterskapar eg skal vinne før eg legg opp, kor mange barn eg skal få, kva jobb eg skal ha, kva land eg skal flytte til (England, sjølvsagt), korleis huset mitt skal sjå ut. Eg er i lengd 37, tenker på korleis det vil vere å vere nesten like gammal som mor mi.

Fem meter over meg står Heather på kanten og tel ned. Ser at eg nærmar meg. Tar sats, hoppar, strekker seg ut, samlar seg til ein ball når ho nærmar seg overflata. Ho treffer vatnet med skinnleggen først, det må svi frå den høgda. Vatnet stråler opp som ein blome som faldar seg ut. Kronblada treffer meg akkurat når eg er oppe for siste innpust før vending, fyller luftrøret mitt med klorinfisert vatn, og eg byrjar å hoste, brekker meg nesten i det kalde vatnet. Eg kavar meg inn til enden av bassenget og kjenner sinnet varme som ein stråle i meg. Eg høyrer latteren hennar og ser føtene hennar heise seg opp av vatnet og springe opp trappetrinna til femmeteren igjen. Det går ein faen i meg, og eg heiser meg opp av vatnet og følgjer etter. Oppe på plattforma står ho med ryggen til meg og kikkar over kanten, speidar etter meg. Eg går mot den glatte nakken, mot badehetta med det oppsamla brune håret, mot knea hennar, som peikar litt inn mot kvarandre. Lysrøra i taket byrjar å blinke. Eg klarer ikkje å samle tankane mine. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere, kva eg skal seie, og før eg får tenkt meg om, har sinnet mitt spent beina under ho. Ho fell skrått mot meg, og eg må ta eit steg bakover, så ho ikkje ramlar i meg. Bakhovudet hennar treffer betongkanten med eit ”krakk”. Blekksprutaktig sklir ho over kanten og dei fem metrane ned mot den harde vassoverflata under oss. Eg står i den våte badebuksa mi i den store hallen og stirar på eit raudt punkt i den porøse betongen, kjenner ei kulde eg ikkje har kjent før. Eg spring ned trappetrinna, ned dit trenarane har fått ho opp på land. Ho ligg på dei kvite, kalde flisene. Beina hennar stikk ut frå folkestimen rundt ho.

– Ho sklei, seier eg. – Ho sklei oppe på kanten. Det var ikkje min feil.

Dei ensar meg ikkje, står berre mørkt rundt ho med ryggen til meg. Blodet hennar renn i vinklar mot meg, følgjer dei grå fugene mellom flisene, som krokete, mørkeraude fingrar strekker det seg etter meg. Eg spring gjennom dusjen, inn i garderoben, tar på meg kleda mine, som klistrar seg mot kroppen. Eg slenger treningsbagen over skuldra og spring ut. På himmelen heng det ein einsleg liten dott av ei sky. Som eit lite punktum heng ho over symjehallen, over byen. Og eg tenker at det kan ikkje vere slik. Det kan ikkje vere så enkelt, så tilfeldig, så nært. Eg spring heim, tårene brenn i kjakane mine, eg klarer så vidt å skjule andletet mitt for mor, spring opp trappene og inn på rommet mitt. Eg blar opp i leksikonet mitt, leitar opp død og katastrofe. Første verdskrig. Hindenburg-ulukka med brennande menneske. Andre verdskrig. Holocaust, menneske gassa, stabla som ved og brende i omnar. USS Indianapolis-forliset og det verste haiangrepet nokosinne. Det er slik folk skal døy. Brutalt, massivt, spektakulært. Eg les om og om igjen om dei 880 overlevande som hamna i sjøen etter torpedoangrepet frå den japanske ubåten I-58. Dei låg og duppa som ein levande buffé for haiane. Overlevande fortel om skrika som kom nærare og nærare, heilt til sidemannen skreik til og forsvann, bitt for bitt. Dødsskrika frå tallause unge menn som ein etter ein gjekk i oppløysing og slokna, som små stjerner i eit brølande univers. Dei skreik til haiane forsvann og det stilna rundt dei, til dei låg igjen med ei ringing i øyra og ei kjensle av at ingen ting lenger ville bety noko her i livet. Til haiane kom tilbake, igjen og igjen, og skrika tok til att som i eit alltid tilbakevendande mareritt.

Eg er haien i dette havet av stål og aluminium, handa mi ein haifinne som skjer gjennom folkemengda, søkande, andletet mitt skjult i trafikken. Eg føler meg utilpass og åleine. Eg kjenner den fuktige sveitten hans i den høgre handa mi, der ryggsøyla hans trenger igjennom kjøtet, i den venstre breier ei lett prikking seg. Eg vil så gjerne legge kjeven min rundt hovudet hans, smake på augeepla hans, støyte kroppen hans ut i denne malstraumen av stål og aluminium, men det knip så hardt i brystet mitt, sånn omtrent der hjartet mitt heng og bankar.

Kilde

Klakegg, Bjarne. (2009). Heliumshjarte (1.utg). Oslo: Samlaget.

Sist oppdatert 21.08.2020
Skrevet av Bjarte Klakegg

Læringsressurser

Episk diktning