Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Pedagogisk verktøyChevronRight
  4. ObservasjonChevronRight
  5. Kva er observasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er observasjon?

Å observere vil seie å halde auge med eller undersøkje. Vi observerer for å samle informasjon som er nødvendig for å kunne planleggje det pedagogiske arbeidet. Når vi observerer, bruker vi sansane våre, spesielt syn og hørsel.

Ein mann observerer ei jente. Foto.

Observasjon er eit nødvendig verktøy i det pedagogiske arbeidet med barn og unge. Som barne- og ungdomsarbeidar treng du å kunne metodar og teori om observasjon. Observasjon krev trening, og du bør derfor prøve ut ulike former for observasjon dette skuleåret.

Kva kan observerast?

  • enkeltbarn og -ungdom – observasjon av eitt barn gir oss informasjon om akkurat det barnet
  • grupper med barn eller unge
  • miljøet rundt barna
  • korleis barn bruker ulike aktivitetar
  • samspelet vaksne–barn og barn–barn
  • utvikling hos barn
  • leik


Observasjon gir oss viktig og nyttig informasjon om det enkelte barnet – og om barn i ei gruppe.
Vi kan til dømes finne ut kven dei leikar med, kva dei leikar, og korleis dei har det saman med andre.
Desse opplysningane dannar grunnlaget for vidare planlegging av det pedagogiske arbeidet. Dersom eit barn treng spesiell hjelp og støtte, er det viktig at vi blir klar over det så fort som mogleg, slik at vi kan setje i verk tiltak.

Utfordringar til deg

  1. Kva er observasjon?
  2. Kva kan observerast?
  3. Kvifor er observasjon eit viktig verktøy i det pedagogiske arbeidet med barn og unge?

Læringsressursar

Observasjon