Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Oppvekstmiljø i Norge i dagChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trafikk

Som barne- og ungdomsarbeidar vil du vere ein rollemodell for barn og ungdom som ferdast i trafikken. I tillegg er det viktig at du lærer barna å ferdast i trafikken på ein trygg måte.

Forklaring til filmen

Filmen inneheld Trygg Trafikk-plakat og lydfil med Trygg Trafikk-sangen.

Trygg ferdsel i trafikken

Vegtrafikken er nødvendig for å halde samfunnet i gang, og trafikken aukar for kvart år. I 1954 fanst det drygt 208 000 personbilar og lastebilar i Noreg, og i 2018 var talet over 2,6 millionar. Same år blei 10 868 menneske skadde og 255 drepne i trafikken – av dei som omkom, var 14 barn under 16 år. Kilde: Statens Vegvesen.

Å lære barna å ferdast trygt i trafikken vil vere ein lærdom som gir dei moglegheiter og glede i lang tid framover. Tenk berre på den dagen barnet kan trafikkreglane godt nok, slik at han eller ho trygt kan sykle til bestevennen sin. Eller den dagen ungdommen kan ferdast trygt og riktig med snøskuteren sin i skuterløypene.

Sikring av barn i bil

Forklaring til filmen

En video fra Trygg Trafikk om sikring av barn i bil.

Tryggleik på leikeplassen

Uansett kvar barna veks opp, treng dei opplæring i å ferdast i trafikken. Saman med foreldra må barnehage og skule gi barna ei slik opplæring. Trygg Trafikk sine internettsider kan gi deg mange tips til korleis ein kan gjere dette.

Forklaring til filmen

Videoen vis Tarkus og Siv som held foredrag om tryggleik på leikeplassen. Tarkusuniverset er utvikla av Idéhospitalet for Trygg Trafikk.

Støy og luftforurensing

Trafikken er også ei stor kjelde til støy og luftforureining. Fleire og fleire av oss bur i tettbygde strøk og blir utsette for denne forureininga dagleg. Førekomsten av astma hos barn er aukande både i Noreg og i andre vestlege land. Rundt rekna 10 prosent av alle norske barn har astma i dag, men ikkje berre på grunn av trafikk.

Utfordringar til deg

  1. Kva har trafikk å seie for oppveksten til barn og unge?
  2. Beskriv trafikken der du bur.
    Finst det nokon utfordringar rundt det at barn og unge ferdast i trafikken – i tilfelle kva for nokre?
    Kva ville du ha foreslått som løysing på desse problema?
  3. Gå til Trygg Trafikk sine nettsider og gjer deg kjend med det som ligg der. Diskuter korleis de kan bruke denne sida i arbeid med barn og unge.
    Lag eit pedagogisk opplegg om barn og trafikksikkerheit. Du vel sjølv aldersgruppe.
  4. Kva reglar har din kommune eller bydel når ein skule eller ein barnehage skal på køyretur med barn?

Læringsressursar

Oppvekstmiljø i Norge i dag