Hopp til innhald
Rettleiing

Semiotisk analyse

Semiotikk er læra om teikn, korleis vi bruker teikna til å skape meining, og korleis dei får meining frå kulturen. Korleis kan omgrep og kunnskap frå semiotikken bli brukt til å analysere tekstar og andre kulturuttrykk?

Ein semiotisk analyse er ei grundig undersøking av teikn eller semiotiske ressursar. Viktige spørsmål er: Kva slags meining uttrykker dei, og korleis uttrykker dei denne meininga? Her skal vi sjå på korleis du kan gå fram i ein slik analyse av teikn, med ein analyse av biletet over som døme.

Tenk over / diskuter

Kva tyding tenker du at biletet øvst uttrykker? Korleis uttrykker det den tydinga?

Denotasjon og konnotasjonar

Det kan vere nyttig å skilje mellom denotasjonar og konnotasjonar når du analyserer teikn.

Kva denotasjon har teiknet?

Denotasjonen er det konkrete motivet, mens konnotasjonen er tydingar du tilskriv motivet. I dette tilfellet er motivet, denotasjonen, ein ung mann som løftar armane over hovudet mot ein blå himmel.

Kva konnotasjonar har teiknet?

Dette handlar om å sjå etter ei tolking av teiknet, ei tilskriving av meining som ikkje er direkte til stades i uttrykket. Det er ganske lett å skilje mellom denotasjon og konnotasjon når det gjeld verbalspråk, sidan du lett kan finne denotasjonen til eit ord ved å slå det opp i ordboka. Når det gjeld bilete, kan det vere litt vanskelegare, sidan skiljet mellom dei to nivåa av tydingar kan vere meir glidande.

Kva meiningsinnhald kan vi tilskrive biletet som teikn, ut over den primære tydinga "mann løftar armane mot blå himmel"? Ansiktsuttrykk og positur er viktige for tydinga her, og dette er noko vi er vant til å tolke omgåande og umedvite i den daglege interaksjonen med andre. Dei fleste vil tilskrive ansiktsuttrykket til mannen på biletet tydinga glede. Denne posituren er mykje brukt av sportsutøvarar som feirar ein siger.

Ein konnotasjon er litt meir allment enn dei private assosiasjonane dine som eit teikn kan vekke. Korleis blir teiknet brukt og tolka i andre samanhengar? I dette tilfellet kan du til dømes gjere eit biletsøk på nettet på ordet "lykke". Ser du at den blå himmelen, posituren og ansiktsuttrykket går igjen i mange bilete som skal illustrere omgrepet?

Utforsk

Nasjonalbiblioteket si ordsky NB N-gram lar deg søke på enkeltord og få opp ei visualisering av nettverk med andre ord som oftast opptrer saman med søkeordet. Dei som blir brukte hyppigast, er nærast søkeordet og har størst prikk. Søk på "lykke".

Kva tenker du ordskya kan seie oss om innhaldet i teiknet "lykke"?

Ikon, symbol eller indeks?

Glede eller lykke er ein tilstand og noko vi opplever subjektivt. Det er derfor vanskeleg å gi att lykke direkte i eit teikn, som eit ikon. Vi kan seie at kroppsspråket og ansiktsuttrykket til mannen på biletet har ein årsakssamanheng med opplevinga av lykke. Dei er altså indeksar.

Kulturelle kodar

Kva for nokre kulturelle kodar må du kjenne til for å forstå konnotasjonane? Teikn får innhaldet sitt frå kulturelle kodar, og derfor kan det same teiknet ha ulik tyding på tvers av kulturelle skiljelinjer. Det er òg interessant å sjå på om nokon bruker andre teikn for å uttrykke den same tydinga.

Forsking på kjensler og ikkje-verbal kommunikasjon viser at ansiktsuttrykk for glede er universelt, slik at det blir tolka likt på tvers av kulturell tilhøyrsel. Det same gjeld posituren: Forsking har peika på at til og med blinde løfte armane i vêret når dei skal uttrykke glede over å vinne. Det kan derfor verke som om tolkinga av sjølve ansiktsuttrykket ikkje er kulturelt fundert, men universelt for menneske.

Den blå himmelen forsterkar konnotasjonane til ansiktsuttrykket og posituren. Ein skyfri himmel er ein metafor på sjelefred, det å ikkje ha bekymringar. Det latinske ordet serenus, som beskreiv skyfritt, fredeleg vêr, har i engelsk og latinske språk vorte ord som beskriv ein fredeleg og sorglaus sinnstilstand. Metaforen "mørke skyer i horisonten" beskriv noko som truar med å øydelegge denne freden.

Syntagme

Vi kan bryte ned biletet til ulike teikn som saman utgjer eit syntagme: ansiktsuttrykket til mannen på biletet, kroppsspråket, klesdrakta hans, den blå himmelen i bakgrunnen, plasseringa av mannen i høgre del av biletet, utsnittet som viser mannen i halvtotalt perspektiv, og undervinklinga. Alt dette er semiotiske ressursar som saman uttrykker eit innhald, tydingar på eit primært nivå (denotasjon) og sekundært nivå (konnotasjon). Korleis påverkar teikna kvarandre?

Vinklinga gjer at vi ser berre himmelen, ikkje andre element i omgivnadene. Himmelen forsterkar kjenslene i ansiktsuttrykket, og posituren gir eit inntrykk av suksess og triumf, noko som kan seie oss noko om kvifor mannen er glad. Himmelen og kroppsspråket gir òg ei kjensle av fridom. Det er ingen element i omgivnadene som forstyrrar eller sperrar for rørslene hans. Dei kvardagslege aspekta ved livet som tynger oss ned, som ansvar, jobb, skule, er ikkje til stades. Det at han strekker armane i vêret, kan saman med den blå himmelen gi konnotasjonar til å flyge, som igjen er eit bilete på fridom.

Paradigme

Kva andre teikn er knytte til teikna i syntagmet, heilskapen, og kunne erstatta dei? Kva får det å seie at akkurat dette teiknet er brukt? Kva forskjellar i tyding er det mellom eit teikn som er brukt, og andre teikn som kunne erstatta det?

Den blå himmelen i bakgrunnen kunne vore erstatta med ein nattehimmel eller ein himmel full av stormskyer. Kva betyr posituren med armane over hovudet? Han kunne vore erstatta med ein positur der armane heng rett ned.

Utforsk

Bla gjennom bileta under, og sjå på ulike versjonar av biletet der vi har erstatta eitt teikn med eit anna. Kva gjer dette med korleis du tolkar heilskapen?

Makt og ideologi

Konnotasjonar er ein effektiv måte å formidle ein bodskap på utan å måtte bli konfrontert med innhaldet. Det er lett å seie "det var ikkje det eg meinte, eg sa berre ..." og så peike mot denotasjonen til meldinga. Derfor må du òg sjå på meldinga i eit maktperspektiv og spørje om ho kan knytast til bestemde ideologiar eller diskursar. Kan meldinga bidra til å forsterke og spreie det litteraturvitaren Roland Barthes kalla mytane til massekulturen?

Biletet i dømet vårt verkar jo som eit ganske uskuldig, litt generisk illustrasjonsbilete utan nokre veldig kontroversielle trekk. Men kva med konnotasjonane til lykke og glede? Kan vi kople dette til bestemde diskursar eller ideologiar?

Makt, diskurs, ideologi

Diskursar er bestemde måtar å framstille verkelegheita på. Det finst alltid andre perspektiv, men diskursar kan ofte fortrenge andre perspektiv, slik at det verkar som denne eine måten å sjå ting på er naturleg, sjølvsagt. Så når vi tenker på framstillinga som "normal" eller "nøytral", er det alltid lurt å spørje seg: Kva for nokre andre perspektiv finst det?

Kva andre motiv kunne vore nytta til å illustrere omgrepet lykke, og kvifor har dei ikkje vorte nytta? Her kan det vere nyttig å sjå etter motsetningar til motivet eller teikna som har vorte valde. Personen på biletet står åleine, så ei motsetning til dette ville vore at han stod omringa av andre menneske. Ei mogleg tolking er at denne representasjonen av lykke er kopla til den kulturelle dimensjonen individualisme, ein eg-kultur der fridommen til den enkelte står i sentrum. Noreg er eit av mange vestlege land som skårar høgt på dimensjonen i Hofstedes modell for kulturelle dimensjonar. På motsett side av har vi kollektivisme, ein vi-kultur der fellesskapen er viktigare enn den enkelte.

Individualismen er òg sterkt til stades i massekulturen, der draumen om suksess og rikdom blir brukt til å selje inn produkt og tenester. Posituren på biletet koplar lykkekjensla til suksess og fridom, noko som passar med dette bestemde synet på lykke. Biletet kan altså vere med på å spreie og forsterke myten til massekulturen om kva lykke er.

Tenk over / diskuter

Kva for nokre av punkta i denne analysen opplevde du som mest relevant for å forstå meiningsskapinga i det biletet vi har analysert?

Kjelder

Hall, S. & Morley, D. (2019). Essential essays Volume 1, Foundations of cultural studies. Duke University Press Books.

Lending, M. (2002). Innledning. I Barthes, R., Mytologier. De norske Bokklubbene.

Serene. (u.å.). I Online Etymology Dictionary. https://www.etymonline.com/word/serene

Relatert innhald

Fagstoff
Teikn: ikon, indeks og symbol

Du bruker teikn når du skal sende ei melding. Forholdet mellom teiknet og innhaldet er tilfeldig og kulturbestemt.

CC BY-SA 4.0Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2021