Hopp til innhald

Fagstoff

Sosialsemiotikk

Korleis påverkar den sosiale konteksten kva teikn tyder, og kva for nokre sosiale funksjonar kan teikn ha? Dette er spørsmål som sosialsemiotikken prøver å svare på.
Fire menneske held plakatar ffamfor ansiktet med ulike teikn som har med sosiale medium å gjere. Foto.

Sosialsemiotikk

Tydinga av teikn oppstår ikkje av seg sjølv, men gjennom samhandling i ein sosial kontekst. Kommunikasjon er ein sosial prosess som har ein funksjon i sosiale relasjonar. Sosialsemiotikken handlar om å spørje korleis vi skaper og bruker teikn i samhandling, korleis konteksten påverkar dette, og kva vi bruker teikna til.

Semiotiske ressursar, ikkje teikn

Sosialsemiotikken seier at vi ikkje kan forstå teikn isolert frå den sosiale konteksten sin. Fokuset er altså ikkje på teikna sjølve, men på korleis vi bruker og tilpassar ulike semiotiske ressursar til ulike kontekstar og formål.

Sosialsemiotikarar føretrekker å snakke om semiotiske ressursar, som viser til noko mindre fastlåst i måten dei formidlar tyding på, enn teikn. Det framhevar òg funksjonen til teikna, at dei blir brukte til noko i sosial samhandling.

Viktige spørsmål i ein analyse basert på omgrep frå sosialsemiotikken er derfor det som handlar om dei sosiale funksjonane til kommunikasjonen: Kven som er avsendar av ein bodskap, kven som blir representert i uttrykket, i kva situasjon bodskapen blir send, og kva funksjon ytringa har.

Tenk over / diskuter

Kan du tenke på ulike tydingar det norske flagget kan ha i ulike sosiale kontekstar?

Glad ung mann som løfter hendene i vêret mot ein blå himmel. Foto.

Korleis gjere ein sosialsemiotisk analyse?

Sosialsemiotikk handlar i botn og grunn om korleis den sosiale konteksten påverkar tydinga av teikn, og om korleis kommunikasjonen med teikn kan utføre sosiale funksjonar. Viss vi bygger vidare på den semiotiske analysen av biletet av den jublande mannen, kan vi sjå nærare på kva vi kan bruke omgrepa frå sosialsemiotikken til i ein analyse. Repeter først artikkelen om semiotisk analyse.

Kva er den sosiale konteksten for bodskapen?

Her må du sjå på kva som er kommunikasjonskonteksten. I vårt tilfelle kjem biletet opp i eit biletdatabasesøk på orda "lykke", eller "joy" på engelsk. Avsendaren er den som har produsert teikna. I dette tilfellet er det NDLAs biletdatabase, ei samling av bilete leverte av mellom anna NTB Scanpix. Dei leverer bilete til kundar som treng dei til ulike formål, ofte som illustrasjonsbilete.

Illustrasjonsbilete har ofte eit litt upersonleg preg fordi dei skal kunne brukast i mange situasjonar av mange ulike aktørar. Dei bør òg vere ganske tydelege i kommunikasjonen, sidan dei skal kunne kommunisere eit innhald uavhengig av situasjonen, og dei som skal fortolke biletet, skal lett avkode tydinga. I tilfellet vårt er fortolkaren både den som gjer søket og skal vurdere kva biletet kan brukast til, og den som skal lese teksten som biletet eventuelt blir brukt til å illustrere.

Kva betyr biletet i denne situasjonen?

Her er emneknaggane som biletet er lagra under, ein viktig indikasjon. Avsendaren har merka bileta tydeleg slik at brukarar som treng bilete, lett kan finne dei under denne emneknaggen. Dette seier oss at biletet er meint å vere eit bilete som kan illustrere lykke eller glede.

Kven er representert?

Biletet viser ein ung, kvit mann. I vestleg kultur er dette noko som ofte representerer det vi kallar ein umarkert identitet, eller normalitet. Kvinner og menneske med funksjonsnedsetjingar eller andre hudfargar enn kvit blir sett på som markerte identitetar som skil seg frå "normalen". Dette kan tolkast som at identiteten til personen ikkje er eit vesentleg poeng i biletet, han skal representere eit menneske.

Dette er eit punkt vi kan problematisere i den siste delen av denne sosialsemiotiske tilnærminga, når vi spør kva slags sosial funksjon det kan ha å bruke dette biletet.

Les meir om markerte og umarkerte identitetar i artikkelen Kvitleik og kvite privilegium.

Sosial funksjon

I tilfellet vårt skal biletet illustrere læringsressursar på NDLA. Vi har elevar frå vidaregåande skule som målgruppe, men òg andre som vil lære og lese om temaa vi skriv om. Læremiddel generelt har som funksjon å formidle kunnskap om verda, og det er rimeleg å tenke på at dei er med på å forme korleis elevar ser på ulike fenomen.

Viss vi tenker på representasjon, så bør bileta vi bruker, spegle mangfaldet av elevar som finst i norsk skule. Dette kan bidra til å skape ein inkluderande skule med rom for mange ulike kulturelle identitetar, noko som er nedfelt i den overordna læreplanen for norsk skule.

Den sosiale funksjonen summen av bilete i læremiddel kan ha, kan i verste fall seiast å gjere enkelte elevgrupper usynlege, sjølv om dette ikkje har vore intensjonen til nokon av dei som står bak produksjonen av læremidla.

Tenk over / diskuter

Kva for nokre ulike sosiale funksjonar kan biletdeling på digitale plattformer ha i kvardagen din?

Kjelde

Bezemer, J. & Jewitt, C. (2009). Social Semiotics. https://doi.org/10.1075/hop.13.soc5

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2022

Læringsressursar

Semiotikk