Semiotikk og omgrepet "naturleg"
Sjå episoden og jobb med oppgåvene.
Kva er "den naturlege feilslutninga"? Kvar kjem denne idéen frå?
Har du sjølv gjort denne feilslutninga?
Noter alle dei ulike tydingane "naturleg" kan ha, ifølge språkforskar Helene Uri.
Diskuter: Kan du bruke omgrep frå semiotikken til å forklare kvifor teiknet "naturleg" kan ha så mange ulike tydingar?
Å marknadsføre produkt som naturlege er eit salstriks som Andreas Wahl vil vi skal vere kritiske til. Men korleis kommuniserer produsentane at eit produkt er naturleg?
Gå til næraste daglegvarebutikk og leit etter produkt som indirekte blir marknadsførte som naturlege, ved at teikn eller semiotiske ressursar ved utsjånaden har konnotasjonar til naturlegheit.
Ta bilete (frå alle kantar, òg der næringsinnhaldet og annan informasjon står) av minst to produkt, og ta med bileta tilbake til klasserommet.
Diskuter bileta, først i grupper, så i heile klassen. Kva semiotiske ressursar eller teikn er det som gjer at de tolkar produktet som naturleg?
Diskuter: Korleis tolkar vi eigenskapane til eit produkt som blir marknadsført som naturleg?
Undersøk næringsinnhaldet og annan informasjon om produkta du har teke bilete av. Stemmer dei faktiske eigenskapane med førsteinntrykket ditt?
Vel eit produkt eller ei teneste som du meiner blir marknadsført som "naturleg". Det kan vere alt frå mat, mote og kosmetikk til reiseliv. Gjer ein semiotisk analyse av anten produktet sjølv eller marknadsføringsmaterialet som blir brukt til å kommunisere det naturlege ved produktet.
Finn tips til korleis du kan gjere dette i artikkelen om semiotisk analyse.
Analysen må innehalde
ei grundig skildring av denotasjonen til meiningsberande element som teikn eller semiotiske ressursar
ei skildring av konnotasjonar og dei kulturelle kodane som bidreg til å skape dei
ei skildring av korleis teikna saman skaper meining i syntagmet dei er ein del av
ei skildring av paradigme som har med det naturlege å gjere – Kva blir det naturlege definert opp mot?
ein diskusjon om ideologiar, mytar eller maktrelasjonar som kan ligge bak bodskapen
Relatert innhald
Korleis påverkar den sosiale konteksten tydinga til teikn, og kva for nokre sosiale funksjonar kan teikn ha?