Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegg og vurder din eigen og andre sin kommunikasjon

Kva må du tenke på når du skal planlegge kommunikasjon? Og korleis vurderer du din eigen og andre sin kommunikasjon?
Ung, smilande kvinne presenterer noko. I bakgrunnen er ei annen kvinne framme ved ei tavle med ei bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ha ein plan

Du har fått mykje kunnskap om kommunikasjon i dette faget, og forhåpentleg har du òg fått øvd deg på ulike typar kommunikasjon. Korleis kan du bruke denne kompetansen når du sjølv skal kommunisere munnleg, skriftleg og visuelt?

Mykje kommunikativ kompetanse er umedviten og blir brukt spontant i ulike kommunikasjonssituasjonar. Men ved å planlegge kan du likevel bli endå betre til å kommunisere. Då blir du klar over ulike sider ved kommunikasjonen som gjer at du kan tilpasse form og innhald i bodskapen din til den bestemde situasjonen.

Kartlegg ulike faktorar ved den bestemde situasjonen, og planlegg kommunikasjonen deretter:

  • Kva er formålet med kommunikasjonen?

  • Kven er publikummet ditt?

  • Kva ønsker du at publikummet ditt skal sitje igjen med av kunnskap, inntrykk eller kjensler?

  • Kva behov og innstillingar som du må ta omsyn til, har publikum i denne situasjonen?

  • Kva moglegheiter og avgrensingar ligg i dei fysiske rammene for kommunikasjonen? Utstyr, rom, lyd, lys, sitjeplassar, støy og så vidare.

  • Korleis bør du forme ut bodskapen din for å nå fram med han til dette publikummet i denne situasjonen?

Bruk kartlegginga og all kunnskapen din om kommunikasjon til å lage ein plan for kva du skal kommunisere, og korleis du skal kommunisere dette.

Tips: Kanskje kan det vere nyttig å lese desse ressursane:

Kvinne med pc og heva peikefinger. På tvers av biletet er det tre symbol: tommel bortover, tommel opp og tommel ned. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du lærer av å vurdere deg sjølv og andre

Det er ikkje alltid alt går etter planen. Då er det fint å hugse på at du lærer veldig mykje av å gjere feil, viss du berre reflekterer over kva som gjekk gale, og kvifor det ikkje gjekk som planlagt.

Det er òg mykje å lære av å vurdere kommunikasjonen til andre. Derfor er det nyttig å legge inn både eigenvurdering og kvarandrevurdering i etterkant av ei oppgåve med eit kommunikasjonsoppdrag, slik som ein presentasjon er.

Tips til eigenvurdering

Du kan bruke punkta frå planlegginga som eit utgangspunkt for å evaluere korleis det gjekk. Dette er nyttige erfaringar som du kan ta med deg i forarbeidet neste gong du skal planlegge kommunikasjonen din.

  • Stemde det du hadde tenkt på førehand om situasjonen og publikummet ditt?

  • Kor godt lykkast du med å tilpasse kommunikasjonen din til dei?

  • Oppstod det faktorar ved situasjonen som du ikkje hadde tenkt på?

Viss noko gjekk skikkeleg gale, er det viktig å spørje korleis du kan lære å gjere det du ikkje fekk til denne gongen.

  • Kva mangla du? Var det noko du ikkje visste om publikum?

  • Bomma du på tonen som ville passa for målgruppa di?

  • Kanskje du kan bruke ein annan strategi som passar betre neste gong?

Tips til kvarandrevurdering

Mottakarane i den aktuelle kommunikasjonssituasjonen er dei som kan svare best på om du lykkast med å kommunisere. Kvarandrevurdering i klassen bør vere ein naturleg del av vurderinga av eit kommunikasjonsoppdrag, slik at de kan sjekke med kvarandre korleis de forstår kommunikasjonen til kvarandre.

  • Vart formålet med kommunikasjonen innfridd?

  • Sat publikum igjen med det du ønskte av kunnskap, inntrykk eller kjensler?

  • Fekk dei med seg innhaldet du ville formidle?

Kvarandrevurdering kan godt ha form av dialog. De kan bruke dei same tipsa som for eigenvurdering som utgangspunkt for vurdering av kommunikasjonen til kvarandre. Gå igjennom punkta og spørsmåla saman, då får de svar med perspektiv frå både avsendar og mottakar.

Det er viktig å få tilbakemeldingar på ting som ikkje fungerer, men ver konstruktiv i kritikken. Det betyr at de må formidle kritikken på ein måte som ikkje handlar om personen, men om kommunikasjonen dykkar, og at det er ting dei kan gjere noko med.

Vit at vi legg mykje meir vekt på negative tilbakemeldingar enn positive, derfor er det viktig å komme med mange fleire positive enn negative tilbakemeldingar. Sjå etter kva som fungerte bra, før de melder tilbake om det de ikkje forstod i det heile. De bør òg unngå å bruke "du" i tilbakemeldingane. Ikkje si "du var litt kjedeleg", men si heller at "innhaldet var litt kjedeleg".

Ver så konkrete i tilbakemeldingane som mogleg. Ikkje si "presentasjonen din var skikkeleg fin", si heller "biletbruken i presentasjonen var veldig god, fordi bileta illustrerte det du snakka om, samtidig som dei hadde ein heilskapleg stil". Hugs òg på å vere like detaljert når de beskriv det som er positivt, som når de beskriv det som er negativt.

Tenk over / diskuter

Kva for nokre av tipsa i denne artikkelen synest du verkar mest nyttige?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Bruke kjelder, teori og metode