Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gjer ein samanliknande analyse av sjølvvalt tekstutval

Vel to eller fleire tekstar, og analyser likskapstrekk og forskjellar i tematikk, verkemiddel og sjanger.
To sirklar som delvis overlappar kvarandre. Den eine inneheld særpreg i tekst 1, den andre særpreg i tekst 2, og der dei overlappar, er det som er likt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du planlegge, gjennomføre og presentere ein samanliknande analyse av eit sjølvvalt tekstutval. Før du startar, kan det vere lurt å lese artikkelen "Korleis velje teori og metode i arbeidet med tekstar?"

Del 1. Planlegg analysen

  1. Tenk over det du har lært i faget gjennom heile skuleåret eller semesteret. Kva tema har de jobba med? Kva teoriar og omgrep har du lært om? Kva metodar har du brukt i arbeidet med tekstar? Du kan òg sjå på oversikta under over sentrale tema, teoriar, omgrep og metodar i faget.

  2. Kva har du synst har vore spesielt interessant i faget så langt? Diskuter med ein medelev eller skriv ned refleksjonane dine.

  3. Lag ei liste på tre til fem punkt over tema, teoriar og metodar du kunne tenke deg å fordjupe deg i.

Aktuelle tema frå læreplanen:
  • korleis verkelegheitsforståinga til individet og fellesskapen kjem til uttrykk i tekst

  • korleis tekstar og kulturar gjensidig påverkar kvarandre

  • korleis tekstkulturar forandrar og utviklar seg over tid

  • korleis tekstskaping blir påverka av sosiale faktorar og teknologiske moglegheiter

  • perspektiva til majoritetar og minoritetar

  • rolla til tekstar i konstruksjon og representasjon av personleg og kulturell identitet

  • korleis tekstar vernar og utfordrar normer og verdiar i eit fellesskap, og korleis dei uttrykker tradisjonar og tradisjonsbrot

Aktuelle teoriar og omgrep

Diskurs

Tekstkultur og sjanger

Estetikk

Retorikk

Litteraturteori

Øv på omgrep om tekst, kultur og kommunikasjon

Aktuelle metodar

Som ei ramme for analysen kan du tenke på at du skal undersøke både grammatiske, tekstuelle og estetiske element i tekstane du ser på. Dei fleste av analysemetodane under kjem inn på desse tre ulike nivåa. I tillegg krev dei fleste analysemodellar i faget òg at du trekker inn konteksten til teksten.

Ulike analysemodellar:

  • retorisk analyse

  • diskursanalyse

  • ulike former for litterær analyse

  • biletanalyse

Del 2. Lag ei problemstilling

No som du har ein idé om kva du kunne tenke deg å fordjupe deg i, kan du byrje å leite etter spesifikke tekstar. Hugs at vi snakkar om tekstar i den breiaste meininga med ordet, så det kan vere filmar, tv-seriar, annonsar, innlegg i sosiale medium, songar, i tillegg til artiklar, romanar eller dikt. I boksen under finn du mange forslag til kvar du kan finne tekstar på nett. Bruk òg gjerne skulebiblioteket eller det lokale biblioteket ditt.

Her finn du tekstar på nett

NDLA film

Tekstsamling frå norskfaget på NDLA

Tekstsamlinga Rein tekst hos Foreningen !les. Her ligg tekstane ute både som verbaltekstar og som lydspor.

Virksomme ord som har ei stor samling norske politiske talar.

Reklametekstar hos Kreativt forum

Nasjonalbiblioteket

  • Sidan du skal samanlikne to eller fleire tekstar, bør det vere eit element i problemstillinga som handlar om samanlikningar.

  • Når du har funne to eller fleire tekstar som du meiner kan vere interessante å samanlikne, er du klar til å formulere ei problemstilling. Denne må vere i form av eit spørsmål, og ho kan bestå av fleire delar.

  • NB! Ver førebudd på at du må justere denne undervegs i analysen, for når du fordjupar deg i eit tema, vil kanskje fleire innfallsvinklar bli synlege, eller så vil du sjå at innfallsvinkelen du har valt, ikkje fungerer. Dette er heilt normalt og ein viktig del av prosessen.

Eit døme på ei problemstilling:

Korleis er sjølvframstillinga til partileiarane i dei største politiske partia i Noreg på Instagram, og kva slags ideologiar kjem til syne i innlegga?

Denne problemstillinga legg opp til ein samanliknande analyse av fleire ulike Instagramkontoar, og det kan vere nærliggande å bruke teoriar om sjølvpresentasjon, kommunikasjonsteknologi og diskurs.

Del 3. Gjennomfør analysen

No er du klar til å gjere sjølve analysen. Korleis du gjer dette, avheng av kva metodar og omgrep du vel å bruke.

Det er uansett viktig å byrje med ei nærlesing av tekstane du skal sjå på. Les grundig gjennom tekstane, kopiar dei eller skriv dei ut slik at du kan streke under og notere undervegs når du støyter på noko du trur kan vere relevant for analysen din.

Etter ein runde med nærlesing kan du byrje å lage ein disposisjon.

Tips til disposisjonen

  • Start med å presentere problemstillinga di.

  • Du kan òg presentere viktige omgrep, modellar eller teoriar som du kjem til å bruke i analysen.

  • Presenter tekstane dine. Ha med informasjon som kan vise situasjonskonteksten til tekstane, og gjerne noko som plasserer dei i ein sosial og kulturell kontekst.

  • Gi eit kort overblikk over innhaldet i tekstane (detaljane kjem du inn på i neste punkt, den samanliknande analysen).

  • Når du skal gjere samanlikninga, kan dette gjerast på ulike måtar:

    Du kan anten først beskrive innhald, form og tema i tekst A og deretter presentere innhald, form og tema i tekst B i to større bolkar. Døme:

    Del 1: Sjølvframstilling og ideologiar i Instagramkontoen til Høgre-partileiar.
    Del 2: Sjølvframstilling og ideologiar i Instagramkontoen til SV-partileiar.
    Del 3: Likskapar og forskjellar.

    Eller så kan du beskrive ulike trekk i begge tekstane fortløpande. Døme:

    Del 1: Fargebruk i Instagramkontoen til Høgre-partileiar samanlikna med fargebruk i Instagramkontoen til SV-partileiar.
    Del 2: Motiv som går igjen i Instagramkontoen til Høgre-partileiar samanlikna med motiv i Instagramkontoen til SV-partileiar.
    Del 3: Språket i Instagramkontoen til Høgre-partileiar samanlikna med språket i Instagramkontoen til SV-partileiar.

  • Avslutt analysen med å samle trådane og gi eit svar på problemstillinga di.

Del 4. Presenter analysen

Bruk det du har lært om kommunikasjon og tekst, til å planlegge ein presentasjon av analysen din.

  • Tilpass form og innhald til publikummet ditt, og bruk ulike verkemiddel for å få fram bodskapen din på best mogleg måte

  • Bruk gjerne eigenvurdering og kvarandrevurdering i samband med denne oppgåva.

Tips: Les meir om dette i artikkelen "Planlegg og vurder din eigen og andre sin kommunikasjon".

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Bruke kjelder, teori og metode