Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis velje teori og metode i arbeidet med tekstar?

Det er mange teoriar, perspektiv og metodar å velje mellom når du skal jobbe med ei analyseoppgåve. Korleis kan du finne ut kva innfallsvinklar som passar best til teksten du jobbar med?
Person som skriv på laptop. Eit grønt eple i framgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I faget kommunikasjon og kultur 2 er det heilt sentralt å kunne velje og bruke ulike teoriar og analysemetodar i møte med ulike tekstar. I tillegg skal du planlegge og utvikle eigen kommunikasjon og utøve kjeldekritikk og digital dømmekraft.

Kva teoriar?

I læreplanen for kommunikasjon og kultur 2 har vi eit kompetansemål som seier at du skal kunne "gjøre rede for og bruke teorier om diskurs, sjanger, estetikk, retorikk og litteratur" (Utdanningsdirektoratet, 2021). Alle desse er teoriar som seier noko om tekst og kommunikasjon, og dei fleste teoriane seier òg noko om forholdet mellom tekst og kultur. Mange av teoriane inkluderer òg analysemetodar for å undersøke tekst, slik som retorikk, diskurs og litteratur.

Tre nivå i tekstar

Læreplanen seier at du skal "analysere og sammenligne hvordan tekster blir komponert av grammatiske, tekstuelle og estetiske elementer" (Utdanningsdirektoratet, 2021). Dette målet gir òg ein peikepinn på ei ramme for tekstanalysen ved å gjere deg merksam på desse tre ulike nivåa i tekstar. Du kan bruke ulike teoriar og omgrep frå faget til å beskrive og analysere fleire trekk ved teksten på desse ulike nivåa.

I tillegg skal du bruke kunnskap om tekstkulturar, kommunikasjonsteknologi og korleis tekstar formar verkelegheitsforståinga til kulturar.

Her er ei oversikt over kvar du finn viktige teoriar og ulike analyseverktøy i faget:

Vel teoriar og metodar som er relevante og fruktbare

I analyseoppgåver der du må velje teoriar og metodar sjølv, handlar mykje om å finne gode innfallsvinklar til ein tekst. Men korleis veit du kva teoriar og metodar som gir gode innfallsvinklar? To viktige kriterium er at dei er relevante og fruktbare.

  • Relevante teoriar og metodar er verktøy som passar til å analysere dei bestemde tekstane du jobbar med, fordi dei har omgrep og verktøy som kan brukast til å beskrive og tolke viktige trekk ved teksten. Nokre teoriar eignar seg best til å beskrive verbaltekstar, mens andre passar best til multimodale/samansette tekstar. Du skal òg sjå på tematikken i tekstar, kva dei handlar om, og då må du finne teoriar og omgrep som har noko å seie om denne tematikken, eller som har overføringsverdi.

  • Fruktbare teoriar og metodar er innfallsvinklar som opnar nye perspektiv på det du analyserer, slik at du har nok stoff til analysen din. Det er innfallsvinklar som gir deg verktøy til å beskrive og forklare fleire trekk ved teksten(e) du arbeider med, eller gå i djupna på eitt enkelt trekk.

Ein buffé av omgrep og verktøy

I kommunikasjon og kultur-faga er det òg eit viktig poeng at du kan plukke ut omgrep og verktøy frå fleire teoretiske område for å belyse ulike sider ved tekstar.

Viss du til dømes skal analysere ein multimodal reklametekst, kan du hente omgrep og verktøy frå diskursteorien for å seie noko om ideologiar som ligg bak og kjem til uttrykk i reklamen, men du kan òg bruke omgrep frå semiotikken for å beskrive dei konkrete teikna som teksten består av.

Du har altså ein stor "buffé" av omgrep og verktøy du kan velje mellom og samle på eitt fat for å klargjere ulike sider ved tekstar som du synest er interessante å utforske.

Lunsjbuffé med mange fat med mat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å samanlikne tekstar

I læreplanen for kommunikasjon og kultur 2 er det eit eige kompetansemål som seier at du skal "planlegge, gjennomføre og presentere en sammenlignende analyse av et selvvalgt tekstutvalg" (Utdanningsdirektoratet, 2021). Du skal altså samanlikne to eller fleire tekstar, men kva er målet med ei slik samanlikning?

Same tema, ulike verkemiddel

Det kan ofte vere interessant å sjå på korleis same tematikk blir behandla i ganske ulike tekstar. Kulturforståing og kulturell identitet står sentralt i faget, og det er naturleg å arbeide med tekstar som tek for seg desse temaa. I ei samanlikning blir ofte grepa avsendaren har gjort for å framstille temaet på ein bestemd måte, ekstra synlege, og det kan òg vere lettare å avgjere kva grep som fungerer best.

Same tema, fleire perspektiv

Det er òg interessant med tekstar som ser same sak frå ulike ståstad, for å få fram fleire perspektiv. Læreplanen understrekar til dømes at det er viktig å få fram perspektiva til både majoritetar og minoritetar.

Ulikt tema, andre likskapstrekk

I andre tilfelle kan det vere andre ting enn tematikken som er i sentrum for analysen. Då kan du samanlikne tekstar som handlar om ulike tema, men som har andre trekk som du ønsker å samanlikne, som til dømes kulturkontekst, verkemiddelbruk eller form.

Her får du konkrete tips til korleis du kan gå fram når du skal samanlikne tekstar:

I denne videoen får du òg eit døme på ei samanlikning av to ulike tekstar sett i lys av verkelegheitsbiletet i ulike tidsperiodar.

Tips til arbeidet med å velje teori og metode

Start med å gjere deg kjend med tekstane du har valt. Noter viktige stikkord for det som fangar interessa di undervegs. Reflekter over desse to spørsmåla:

  • Kva synest du ved første augekast er dei mest interessante trekka ved form og innhald?

  • Kva er tematikken i tekstane?

No kan du definere ei problemstilling, som er eit spørsmål som du ønsker å få svar på med analysen din. Ofte kan det ligge ei problemstilling i oppgåveteksten òg, så les oppgåva nøye.

Etter å ha fått eit overblikk over temaet i tekstane du skal analysere, kan du byrje å sirkle deg inn på kva for nokre teoretisk innfallsvinklar og analysemetodar som passar best å bruke når du no skal utforske dei nøyare. Her kan det tenke seg at du vel ut verktøy og omgrep som du synest er interessante i seg sjølve, og prøver dei ut på det konkrete tekstmaterialet du skal analysere. Viss dette avdekker interessante sider ved tekstane, som du ikkje la merke til ved første overblikk, kan det bety at dette er ein innfallsvinkel som både er relevant og fruktbar.

Ei oppsummering av tipsa til arbeidsprosessen:

  1. Finn teksten du skal analysere, og gjer deg kjend med han.

  2. Definer spørsmål du er interessert i finne svar på.

  3. Finn og gjer deg kjend med teoriar og fagomgrep.

  4. Beskriv kjenneteikn ved teksten og kjenneteikn ved teoriar og fagomgrep.

  5. Beskriv og tolk teksten med fagomgrepa.

  6. Viss teori og metode ikkje gir resultat, gå tilbake til punkt 3 og finn andre innfallsvinklar som du prøver ut.

Ein modelltekst

Når du skal arbeide med så mange ulike teoriar og metodar, er det inga fast oppskrift på korleis ei oppgåve skal løysast. Det som er viktig, er at du viser at du kan bruke fagkunnskapen din aktivt. Det gjer du ved å velje fleire ulike omgrep og verktøy som du bruker på ein god måte til å belyse fleire sider ved tekstane du jobbar med.

Ved å sjå på korleis andre har løyst oppgåver tidlegare, kan du få ein modell som seier noko om moglegheitene som ligg i faget. Du kan til dømes sjå på eit eksamenssvar frå eksamen i kommunikasjon og kultur 2 våren 2019. Sjølv om dette var før fornyinga av læreplanane, viser denne korleis du kan bruke ulike innfallsvinklar til å belyse temaet identitet i ein samanliknande analyse av to tekstar.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet (2021). Læreplan i kommunikasjon og kultur (KKM01‑02). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2021. https://www.udir.no/lk20/kkm01-02

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker, Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Bruke kjelder, teori og metode