Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kor stort er fotavtrykket ditt?

Kor mykje forureinar du, og kva kan du gjere med det? Rekn ut kor stort fotavtrykket ditt er, set deg dine eigne klimamål og diskuter det globale klima- og miljøansvaret vårt.

Oppgåve 1. Klimafotavtrykket mitt

Oppgåve 2. Klimaansvaret vårt

Bruk det interaktive verdskartet over og svar på oppgåvene:

  1. Kvar i verda finn vi landa med størst CO2-utslepp?

  2. Kor stort CO2-utslepp har Noreg?

  3. Trykk på Noreg på verdskartet. Korleis har utsleppa i Noreg utvikla seg?

  4. Kartet viser berre innanlandsutslepp frå energiproduksjon og sement. Mykje av forbruket vårt og utsleppa frå norsk olje og gass som blir brukt i utlandet, er ikkje rekna inn. Viss vi rekna inn det, ville Noreg hatt langt høgare utslepp. Burde desse utsleppa òg vore med i oversikta? Grunngi svaret.

  5. Diskuter utsleppa i Noreg samanlikna med resten av verda:

    • Er Noregs utslepp høgt eller lågt i forhold til resten av verda?

    • Er det rettferdig at somme land forureinar meir enn andre. Kvifor? Kvifor ikkje?

    • Er det mogleg å seie kor stort eller lite økologisk fotavtrykk det er moralsk rett at kvar enkelt person bør ha? Kvifor? Kvifor ikkje?

    • Korleis kan verda minske CO2-utsleppa sine på ein mest mogleg rettferdig måte? Gi tre konkrete forslag.

Illustrasjon av ein gapande munn som et jordklode på gaffel.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3. Det økologiske fotavtrykket ditt

Forskjell på økologisk fotavtrykk og klimafotavtrykk

Omgrepa økologisk fotavtrykk og klimafotavtrykk blir brukte litt om kvarandre. Dei heng saman, men måler eigentleg ulike ting.

Det økologiske fotavtrykket ditt handlar om kor store naturressursar forbruket ditt krev. Det er knytta til natur og miljø, og ikkje klima. Det økologiske fotavtrykket blir derfor vanlegvis oppgitt i kor stort landområde med natur forbruket ditt krev.

Klimafotavtrykket handlar også om oss som individ, men om kor store klimagassutslepp forbruket vårt fører til.

  1. Bruk Ecological footprint calculator frå footprintnetwork.org for å rekne ut fotavtrykket ditt. Kalkulatoren er på engelsk, og du kan bruke han til å utforske utsleppa dine og samanlikne dei med andre land. Kor mange jordklodar ville vi trengt viss alle i verda levde på same måten som deg?

  2. Har du eit moralsk ansvar overfor framtidige generasjonar for å avgrense forbruket ditt? Grunngi svaret.

  3. Kor mykje av verdas ressursar er det greit at din generasjon bruker?

  4. Reflekter over om det er mogleg å leve berekraftig når du veks opp i eit rikt land som Noreg i dag?

  5. På nettstaden til Egological footprint calculator blir det foreslått ulike løysingar for å redusere forbruket. Utforsk dei ulike løysingane. Vel minst to døme og reflekter over korleis desse løysingane kan hjelpe deg til å redusere forbruket ditt.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Naturen sin verdi og berekraftig utvikling