Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Video: Nyreligiøsitet

I denne videoen møter du tre ulike uttrykk for nyreligiøsitet: Norsk Spiritualistisk Trossamfunn, Holistisk Forbund og to jenter som kallar seg hekser.

Før du ser videoen

Tenk over eller diskuter i klassen:

  • Kva knyter du til nyreligiøsitet?

  • Kva er typiske nyreligiøse trusoppfatningar?

  • Kva er typiske nyreligiøse ritual?

Etter at du har sett videoen

Du har sett tre døme på nyreligiøsitet: Norsk Spiritualistisk Trossamfunn, Holistisk Forbund og den moderne heksebevegelsen.

  1. Finn døme på noko som alle dei tre har til felles.

  2. Kva skil desse frå tradisjonelle religionar som til dømes kristendommen, islam og hinduismen?

  3. Kva fordommar trur du nyreligiøse møter?

  4. Kvifor har slike former for religiøsitet blitt så populære dei siste tiåra, trur du?

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2022

Læringsressursar

Nyreligiøsitet