Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er nyreligiøsitet?

Omgrepet «nyreligiøsitet» er det motsette av «gammal religiøsitet». Det blir derfor brukt om nye religionar og trussamfunn, nye trusførestillingar og nye religiøse praksisar, eller nye «blandingar» av element frå ulike tradisjonar. Omgrepet kan også vise til nye forståingar av dei gamle religionane.
Menneske kledd i kvite kapper står i ein stor ring ved Stonehenge i England. Svart-kvitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historisk bakgrunn

På 1800-talet voks det fram nye forståingar av kva eit menneske eigentleg er, både politisk, psykologisk og naturvitskapleg. For første gong blei det også forska på ikkje-kristne religionar, som i stadig større grad blei forstått som inspirasjonskjelder og ikkje som misjonsmarker. All denne nye kunnskapen om mennesket medførte store endringar på trus- og livssynsfeltet. Ateisme, naturalisme og positivisme fekk vind i seila, men det fekk også Jehovas vitne og andre som inntok ei fundamentalistisk haldning og forkasta alt som ikkje harmonerte med Bibelen eller eit anna heilag skrift – også når det gjaldt historie og naturvitskap.

Dermed fikk ein to nye ytterpunkt i forståinga av mennesket og plassen vår i verda: Det naturvitskaplege ytterpunktet, som forkastar religiøse dogme og berre held seg til den fysiske observerbare verkelegheita, og det fundamentalistiske ytterpunktet, som avviser dei nye, vitskaplege funna og tviheld på religiøse dogme.

Eit mellomstandpunkt gjekk ut på å harmonisere eller tilpasse desse ytterpunkta til kvarandre, ofte ved hjelp av ein modell som deler verkelegheita i to: På den eine sida ein åndeleg del som omhandlar trussanningane i religionen og eksistensielle spørsmål. På den andre sida den fysiske verkelegheita som kan forståast ved hjelp av moderne vitskap.

Eit anna mellomstandpunkt kan knytast til Teosofisk Samfunn, som blei stifta i 1875, basert på ei overtyding om at alle religionar hadde ein felles indre kjerne, og at naturvitskapen ein dag vil bekrefte det. Dette synspunktet dominerer i nyreligiøsiteten i dag, til dømes hos antroposofane og store delar av alternativrørsla.

Sjå professor i religionsvitskap, Ingvild S. Gilhus, forklare kva som er nytt og kva som er gammalt i nyreligiøsiet i videoen under. Videoen er produsert av Religionsoraklene, Universitetet i Bergen.

Nye religionar og trussamfunn

Mens jødedommen har ei ganske lang historie i Noreg, er islam, hinduisme, buddhisme og sikhisme å rekne som nye. Dei blir likevel ikkje kategorisert som nyreligiøse, sidan dei har så lang historie andre stader. Når gamle religionar møter kvarandre på grunn av migrasjon eller misjon, oppstår likevel ofte miljø med nyreligiøst preg. Eit døme er Hare Krishna-rørsla (ISKCON), som på den eine sida er ei tradisjonell hinduisk misjonsrørsle, men som i Vesten framstår som nyreligiøs.

Bahá’í reknar seg som den yngste av verdsreligionane. På same tid er han så ung at han i mange samanhengar forståast som nyreligiøs. Ahmadiyya-islam oppstod, i likskap med baha’i, i sjia-muslimske område på andre halvdel av 1800-talet. Begge hevdar å vere grunnlagde av profetar, Mizra Ghulam Ahmad for Ahmadiyya og Baha’u’llah for Baha’i, og begge har omtrent like mange medlemmar i Noreg. Dei har også til felles at dei kan forståast som forsøk på å modernisere islam på område som likestilling og religionsdialog. Ahmadiyya forstår likevel seg sjølv som eit uttrykk for det sanne islam, mens baha’i forstår seg sjølv som ein ny, sjølvstendig religion.

Stor, blå bygning. Øvst på bygningen står eit kors og ordet "Scientology" med store bokstavar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Scientologi er eit døme på ein ny, original religion som etablerte seg i Noreg i 1960-70-åra. Han blei utsett for sterk kritikk, dels frå representantar for etablert kristendom, og dels frå kritikarar som advarte mot tankekontroll og hjernevask, økonomisk avhengighet, seksuelt misbruk og vanskar med å komme ut av sekta. Sjølv om biletet seinare er kraftig nyansert, er det framleis ein viss skepsis til slike nye religionar. Scientologi er, i motsetnad til andre nye religionar, verken ein openberringsreligion eller ein oppdatert versjon av ein gammal religion. Sjølv samanliknar han seg med buddhisme: Begge er grunnlagde av menneske (som L. Ron Hubbard, d.1986,), og ikkje av gudar. Begge er baserte på analysar av tilværet (reinkarnasjon m.m.), og begge hevdar å kunne tilby metodar for å oppnå lykke.

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja kan få statsstøtte i Noreg. Scientologikyrkja får ikkje støtte fordi myndigheitene ikkje er overtydd om at ho driv med religiøs verksemd. Elles er det store fleirtalet av statsstøtta trussamfunn kristne.

Medlemstal i utvalde nyreligiøse trussamfunn i Noreg (2021):

Trus- /livssynssamfunn

Medlemmar (2021)

Ahmadiyya Muslim Jama'at

1641

Bahá'í-samfunnet i Noreg

1085

Familieforbundet for Verdsfred og Einskap

108

Forn Sed Noreg

129

Holistisk forbund

829

ISKCON Noreg

1534

Norsk spiritualistisk trussamfunn

978

Sjamanistisk forbund

325

Åsatrufellesskapet Bifrost

408

Kjelde: Antall tilskuddstellende medlemmer i tros- og livssynssamfunn (2021)

Alternativrørsla

Prinsesse Märtha Louise med mikrofon. Står føre ein stor skjerm med bilde av eit auge med linjer som stråler ut. Under auget står det skrive "The Now Age. The Happinez Festival". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alternativrørsla har blitt kalla «religion smurd tynt utover». Rørsla er ingen religion, men ho viderefører idear, og særleg praksisar, med bakgrunn i ulike religionar. Desse blir ikkje formidla gjennom kyrkjer eller tempel, men på kurs og retrettar, gjennom tidsskrift og alternativmesser. Rørsla er i hovudsak nettverksorganisert, men i 2002 blei Holistisk Forbund stifta som ein «livssynsorganisasjon for dei som søkjer kunnskap og refleksjon omkring åndelege spørsmål ubundne av dogme og tradisjonelle trusretningar».

Viktige omgrep

  • migrasjon
  • ateisme
  • naturalisme
  • positivisme
  • fundamentalisme
  • Teosofisk samfunn
  • Hare Krishna-rørsla (ISKCON)
  • bahá’í
  • ahmadiyya-islam
  • scientologi
  • alternativrørsla
CC BY-SASkrive av Geir Winje.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2022

Læringsressursar

Nyreligiøsitet