Hopp til innhald

Fagstoff

Nyreligiøsitet – sjølvutvikling

Eit kjenneteikn på nyreligiøsitet er fokuset på sjølvutvikling. Metodane for sjølvutvikling er ofte ein kombinasjon av øvingar frå religion, alternativ medisin og moderne psykologi.
Mann og kvinne ligg på golvet. Mannen har ei metallbolle, som ei kvinne slår på, på brystet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølvutvikling betyr generelt alle metodar og teknikkar som blir brukte for at utøvaren skal forbetre eller vidareutvikle ein eller fleire delar av seg sjølv. Nyreligiøsitet famnar om alle metodar som blir brukte innanfor nyreligiøse grupper der målet er at utøvaren skal bli eit meir «heilt menneske».

Ein viktig føresetnad for nyreligiøs sjølvutvikling er det generelt positive menneskesynet – trua på at menneske har evner i seg sjølv som kan gjenoppdagast og brukast til å utvikle eller heile seg sjølv. I moderne tid har fokuset på sjølvutvikling blitt viktigare for stadig fleire, for både religiøse og ikkje-religiøse menneske. For å forstå dette fenomenet må vi sjå på korleis religion har blitt teknifisert og meir individfokusert i moderne tid, og illustrere med nokre av dei mest kjende døma på nyreligiøse grupper med fokus på sjølvutvikling.

Teknifiseringa av religion

Teknifiseringa av religion viser til prosessen der religion blir redusert til eit teknisk verktøy, til tekniske treningsmetodar, på bekostning av andre dimensjonar ved religion. At religion blir teknifisert betyr at religionsutøving ikkje først og fremst handlar om gudstro eller tilhøyrsel, men heller omhandlar behovet til individet. Dermed handlar religiøs praksis meir om stressmeistring, om terapi og hjelp mot depresjon, tidspress og kvardagslivets vanskar, enn utøving av tradisjonelle ritual.

Alle religionar har rituelle og etiske element som vektlegg at ein kan bli ein betre versjon av seg sjølv. I mange nyreligiøse grupper blir desse sjølvutviklingselementa framheva som det mest sentrale ved alle religionar. Teknifiseringen av religion er synleg i både nyreligiøse grupper og fleire tradisjonelle religiøse grupper over heile verda i dag, ikkje berre i Vesten.

Mange menneske kledde i kvitt samla i stort kyrkjerom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tydinga til globaliseringa

På grunn av ei stadig meir globalisert verd har alle dei store religionane spreidd seg over heile kloden. Dette har ført til ei hittil ukjend grad av religionssynkretisme – blanding av element frå ulike religionar – enn nokon gong før. Dette er ein viktig bakgrunn for å forstå framveksten til nyreligiøsiteten i vår tid. Nyreligiøsitet skil seg frå tradisjonell religion ved at han forstår religion som noko svært privat, individuelt og praktisk.

Populariseringa av hinduisme utanfor India er eit illustrerande døme. Dei mest populære misjonærane frå India, som slo an i Vesten på 1900-talet, fremja praktiske, tekniske og ofte tolerante versjonar av filosofisk hinduisme. Dei mest populære var truleg filosofen og mystikaren Vivekananda, som prøvde å sameine delar av indisk og vestleg filosofi, og Maharishi Mahesh Yogi, som grunnla 1900-talets sannsynlegvis mest populære meditasjonsteknikk – nemleg Transcendental Meditasjon. Maharishi populariserte òg ei form for alternativ medisin og behandlingsform – Ayurveda.

Fem skåler med ulike produkt. Hand held fram en medisinflaske med indisk skrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølvutvikling og alternativ behandling

Alternativ medisin og sjølvutvikling kan overlappe med kvarandre, sidan mange alternative behandlingar ser på helse og psykisk velvære som to sider av same sak. Mange alternative behandlingsmetodar, slik som Ayurveda, blir baserte på nyreligiøse forklaringsmodellar som oftast blir sette på av tilhengjarane som eldgamle og meir autentiske enn moderne medisin. Desse er sjeldan naturvitskapleg etterprøvbare.

Homøopati og tradisjonell kinesisk medisin er, saman med Ayurveda, truleg dei vanlegaste formene for alternativ behandling i dag, både i Noreg og verda elles. Dei som praktiserer desse behandlingsformene, meiner at dei kan fungere betre enn anna behandling fordi dei tar omsyn til (sjølv)utviklinga av heile mennesket – dvs. ikkje berre fysisk helse, men også andre sider av mennesket, til dømes psykologisk stabilitet og toleranse for forandring.

Mindfulness og christfulness

To nyreligiøse sjølvutviklingsprogram som er populære i vår tid er mindfulness og christfulness. Begge kan kallast nyreligiøse fordi dei er laust samansette og blandar element frå fleire religiøse tradisjonar.

Mindfulness-rørsla blei starta av den amerikanske medisinprofessoren Jon Kabat-Zinn, då han på 1980-talet utvikla eit 8-vekers stressmeistringsprogram og skreiv ei bestseljande bok om dette. Stressmeistringsprogrammet blei så populært at Kabat-Zinn etablerte ein eigen stressreduksjonsklinikk i Massachusetts, USA, og starta medisinsk forsking for å kartleggje effektiviteten til programmet.

Mann mediterer utandørs. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mindfulness-øvingane er baserte på Kabat-Zinns trening i buddhisme, yoga og medisin. Ein av grunnane til at programmet blei så populært, var fordi det blei framstilt på ein veldig praktisk, tilsynelatande vitskapleg, ikkje-religiøs måte. Sjølv om dei fleste teknikkane i mindfulness-trening stammar frå buddhisme, bruker Kabat-Zinn omgrep frå moderne psykologi i forklaringane sine. Dette forklarer truleg noko av populariteten. Mange av teknikkane frå mindfulness blir i dag underviste på skular, i fengsel og i næringslivet og blir generelt kalla for stressmeistringskurs.

Christfulness er ein nyreligiøs kristen versjon av mindfulness, utvikla av den danske misjonspresten Ole S. Madsen i 2012. Her er fokuset på stressmeistring gjennom bøn og tilbeding av Jesus Kristus ved bruk av ganske liknande øvingar som i mindfulness, men kombinert med både gamle og nye kristne meditasjonsteknikkar, forklart i kristne omgrep.

Fagomgrep

  • sjølvutvikling
  • teknifiseringa av religion
  • religionssynkretisme
  • Det andre Vatikankonsil
  • religionssynkretisme
  • Vivekananda
  • Transcendental Meditasjon
  • ayurveda
  • homøopati
  • tradisjonell kinesisk medisin
  • mindfulness
  • christfulness
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Nyreligiøsitet