Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fordelar og ulemper med ulike typar kommunikasjonskanalar

I desse oppgåvene skal de vurdere fordelar og ulemper ved ulike kommunikasjonskanalar.
Cinemagraph av to hender og en mobil.  Den høyre tommelen scroller på mobilen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunikasjonskanalar

Det finst mange ulike kommunikasjonskanalar, og dei har alle sine fordelar og ulemper. Døme på slike kanalar – eller medium – er nettsider, sosiale medium, e-postannonsering, søkjemotorannonsering, TV, telefon, trykte medium og plakatar.

Når vi skal velje kommunikasjonskanal, må vi vurdere kva evne kanalen har til å overføre bodskapen. Vi ønskjer å velje det mediet som mest effektivt formidlar bodskapen vår til målgruppa vår. Med effektivt meiner vi både i form av best mogleg måloppnåing og lågast mogleg kostnad.

Forslag til arbeid med oppgåvene:
  • Jobb gjerne i par.
  • Presenter svara for klassen.
  • Ha ein diskusjon i klassen til slutt.

Oppgåver:

Oppgåve 1

Lag ein tabell med oversikt over nokre fordelar og ulemper med ulike kommunikasjonskanalar. Tabellen kan til dømes sjå slik ut:

Vurdering av Kommunikasjonskanaler

Kanal

Fordelar

Ulemper

*
*
*
*
*
*

Oppgåve 2

Tenk dykk at Maarud skal i gang med ein kampanje for å lansere ein ny og sunnare type potetgull.

  1. Vurder fordelar og ulemper med bruk av ulike kanalar. Drøft kva kommunikasjonskanal de synest kjem «best» ut.
  2. Kva kanal meiner de er mest formålstenleg for Maarud å nytte seg av i lanseringa av det nye potetgullet?
  3. Synest de at Maarud bør nytte seg av fleire kommunikasjonskanalar? Grunngi.

Oppgåve 3

Tenk dykk at Maarud vurderer å nytte influensarar i marknadskommunikasjonen sin om det nye potetgullet.

  1. Skriv ned argument for og mot bruk av influensarar i kampanjen for det nye potetgullet.
  2. Har de nokre forslag til kva influensarar som Maarud eventuelt kunne ha samarbeidd med?
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2020

Læringsressursar

Reiseplanlegging og informasjonsformidling