Hopp til innhald

Fagstoff

Lasswells hugseregel for kommunikasjonsanalyse

Har du nokon gong tenkt på at du kan analysere ein kommunikasjonsprosess ved hjelp av éi setning? Setninga «kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?» kan vere til hjelp i å forklare kommunikasjonsprosessen.
Trafikkert veg med skilt som oppfordrar bilistar til å hugse bilbelte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lasswells hugseregel for kommunikasjon er eit nyttig verktøy når du skal analysere ein kommunikasjonsprosess. I 1948 formulerte kommunikasjonsforskaren Harold Lasswell den følgjande setninga for å forklare kommunikasjonsprosessen: «Kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?»

Lasswells hugseregel kan seiast å vere ei enkel, munnleg framstilling av kommunikasjonsmodellen. I marknadskommunikasjon skjer det ei overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar.

Nedanfor får du to døme på korleis vi kan bruke Lasswells hugseregel til å forklare ein kommunikasjonsprosess. Det eine ser på ein reklame for Lerum, mens det andre tek for seg ein informasjonskampanje for Statens vegvesen.

Kven – Lerum

seier kva – at produkta våre er laga av dei beste fruktene og bæra

til kven – målgruppa, dei som kjøper saft og syltetøy

i kva kanal – YouTube, reklamekanalar på TV, kinoreklame

med kva verknad – at det vil vere meir sannsynleg at målgruppa vel å kjøpe saft og syltetøy frå Lerum

Kven – Statens vegvesen

seier kva – at råkjøring er barnsleg

til kven – ungdom (gutar spesielt)

i kva kanal – YouTube

med kva verknad – riktige haldningar til bilkøyring og fart

Kven seier kva til kven?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2020

Læringsressursar

Reiseplanlegging og informasjonsformidling