Hopp til innhald
Fagartikkel

Klisjé

Viss nokon seier at noko er ein klisjé, er det ikkje så positivt. Det betyr nemleg at du ikkje har vore så kreativ i i ordvalet ditt, men valt noko som mange har brukt før. Her skal vi sjå litt nærare på kva klisjéar er.

Før du les

Desse omgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Klisjé
Klisjé er eit språkleg bilete som er oppbrukt og utslite fordi det er brukt så mykje. Eit døme på ein klisjé er: Smilet ditt lyser opp heile rommet.
Språkleg bilete
Språklege bilete er ord og uttrykk med overført betydning. Det betyr at dei ikkje skal forståast bokstaveleg, men er bilete på noko anna. Når vi skriv Smilet ditt lyser opp heile rommet, så er det eit språkleg bilete som betyr at personen er veldig smilande og glad og gjer andre rundt seg glade.

Klisjé

Ein klisjé er eit språkleg bilete som er brukt veldig mykje. Det er noko vi har høyrt så ofte, at vi opplever det som kjedeleg, i alle fall i ein litterær tekst.

Når vi bruker ordet klisjé, meiner vi at det språklege biletet er og utslite. Det verkar lite originalt, og derfor må vi vere litt varsame med å bruke slike klisjéar.

Klisjéomgrepet er ikkje knytt til éin enkel type språkleg bilete. Vi bruker klisjé om alle språklege bilete vi synest er oppbrukte. Under er det nokre døme på språklege bilete som mange vil oppleve som ein klisjé:

  • Min elskling er som ei rose.

  • Katarzyna skein som ei sol.

  • Maja hadde stjerner i auga.

Tenk over

Sjå på dei språklege bileta over. Kvifor trur du mange kan oppfatte desse som ein klisjé?

Klisjé eller ikkje?

Det er ikkje alltid så enkelt å vite om eit språkleg bilete er og godt eller oppbrukt og kjedeleg. Spesielt krevjande er det når vi framleis er i ein fase der vi lærer oss eit nytt språk. I tillegg kan nokre språklege bilete fungere godt i éin samanheng, men vere ein klisjé i ein annan.

I religiøse tekstar er det ofte mange språklege bilete som kan fungere godt til bruken sin. Men det betyr ikkje at desse fungerer godt i ein tekst du skal skrive på skulen.

Vi prøver å unngå klisjéar når vi skriv, men samtidig er det å teste ut ulike språklege bilete ein naturleg del av det å utvikle seg som skrivar. Jo meir du les og skriv i ulike sjangrar, jo lettare blir det å vurdere kva for nokre språklege bilete som fungerer godt, og kva for nokre av dei som ikkje fungerer.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Undersøk klisjéar

Jobb med klisjéar og med å kjenne igjen kva som blir rekna som ein klisjé og ikkje.