Besjeling
Før du les
Desse omgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:
- Besjeling
- Besjeling er når noko konkret, som til dømes ein gjenstand eller eit dyr, får menneskelege eigenskapar – til dømes at huset lo høgt då han gjekk.
- Språkleg verkemiddel
- Språklege verkemiddel er ulike verkemiddel som forfattaren bruker for å påverke eller skape ei bestemd kjensle hos lesaren. Besjeling er eit språkleg verkemiddel.
"Døde" ting blir levande
Besjeling er når vi gir noko konkret som ikkje er menneskeleg, menneskelege eigenskapar. Gjenstandar og dyr får eigenskapar som menneske vanlegvis har. Besjeling betyr "med sjel". Besjeling er veldig vanleg både i kvardagsspråket og i litteraturen. Nokre døme er:
- Blomstrane sovna for kvelden.
Huset skrik etter måling.
Besjeling vekker kjensler
Besjeling vekker kjensler hos lesaren, som til dømes sorg eller glede. Ved å bruke besjeling prøver forfattaren å skape ein tettare kontakt med lesaren. Av og til kan besjeling òg verke overraskande og gjere teksten meir interessant og levande. Vi får ein annan nærleik til tinga når dei plutseleg kan snakke, le og oppføre seg menneskeleg, på godt og vondt.
Sjå på dette diktutdraget:
De har glemt at de er i slekt med skogene
Stillhetens stemmer
hvisker lavere nå
når de er ute av regnskogen
og stryker langs veggene til
menneskenes høye, kalde byggverk.(...)
Utdrag frå diktet "De har glemt at de er i slekt med skogene" av Stig Holmås, 2021
Tenk over
Korleis blir stilla gjord levande i diktutdraget over? Kva kjensler kan denne besjelinga vekke hos oss som lesarar?
Bruk av besjeling i reklame
I reklame er det ganske vanleg å bruke besjeling for å påverke oss til å kjøpe noko. Reklame speler på kjenslene våre. Sjå på desse to døma:
- Bilen din lengtar etter nye, piggfrie dekk!
Whiskas – viss katten sjølv får velje!
Tenk over
Korleis blir reklamen i døma over meir personleg gjennom bruk av besjeling?
Besjeling i eit dikt
Forfattarar kan bruke besjeling for å vekke kjenslene til lesarane. Diktet "Landskap med gravemaskiner" av Rolf Jacobsen er eit godt døme:
Ordforklaringar
- Baken
- Baken er her eit synonym for rompa. Det betyr altså bak på gravemaskina, "rompa" på gravemaskina.
- Kjeften
- Kjeften er det same som munnen.
- Skaft
- Skaftet er handtaket på ein reiskap. Her: eit langt handtak.
- Munnvik
- Munnvika er staden der over- og underleppa heng saman.
- Løvetann
- Løvetann er ein type blomar.
- Skapning
- Ein skapning er noko som lever, eit levande vesen.
De spiser av skogene mine.
Seks gravemaskiner kom og spiste av skogene mine.
Gud hjelpe meg for en skapning på dem. Hoder
uten øyne og øynene i baken.
De svinger med kjeftene på lange skaft
og har løvetann i munnvikene.
(...)
(Utdrag frå diktet "Gravemaskiner" av Rolf Jacobsen, 1954)
I diktutdraget blir naturen og gravemaskinene gjorde menneskelege. Naturen er "eget" i diktet og har blitt besjela ved at han kan snakke. Gravemaskinene får òg ein slags menneskeleg utsjånad, som hovud, auge, rompe (bak) og munn (kjeft), men ingenting er plassert der det skal vere: Hovuda er utan auge, auga er plasserte på feil stad, og kjeftane deira sit på lange skaft.
Tenk over
Korleis opplever du gravemaskinene når dei er beskrivne slik som i diktet?
Kjelder
Jacobsen, R. (1954). "Landskap med gravemaskiner" frå Hemmelig liv. Gyldendal.
Holmås, S. (2021). "De har glemt at de er i slekt med skogene" frå Dagene er blitt fortere nå. Gyldendal.