Jobb med idiom
Oppgåve 1. Misforståing i arbeidslivet
Sann historie frå arbeidslivet
Har du høyrt om sjukepleiaren som tvinga pasienten til å ete is? Sjukepleiaren var spansk og skjønte ikkje kva legen meinte då hen sa at dei "skulle ha litt is i magen".
Kva betyr idiomet "å ha is i magen"? Slå opp i Lexin viss du er usikker.
Kva meinte eigentleg legen då hen sa at dei "skulle ha litt is i magen"?
Kva hadde vore den rette reaksjonen til sjukepleiaren viss hen hadde forstått uttrykket legen brukte?
Har du opplevd liknande misforståingar sjølv? Gå saman i gruppe og snakk om svara på oppgåve 1–3.
Oppgåve 2. Sjå videoen og svar på spørsmåla
Video frå programmet Lindmo på NRK: "Ali Muhammad fortel om norske idiom"
Kva fortel Mohammad om det å lære seg norsk?
Mohammad seier i intervjuet at ord og uttrykk er krydder i språket.
Kva meiner han med dette?
Er du einig eller ueinig? Grunngi svaret ditt.
Korleis kan det å lære seg idiom hjelpe deg med å kjenne deg meir heime i det nye språket du lærer?
Kvifor trur du det er ekstra viktig å lære seg idiom i arbeidslivet? Kom med døme på situasjonar som kan oppstå.
Mohammad bruker ganske mange språklege metaforar når han snakkar. Kva uttrykk bruker han? Skriv ned uttrykka og finn ut kva dei betyr.
Oppgåve 3. Idiom i reklame
Kva betyr idiomet "berre blåbær"? Sjekk i ordboka Lexin viss du er usikker.
Kva betyr det å køyre "kollektivt til marka"?
Kva meiner Entur med at det er "berre blåbær" å komme seg til marka?
Kva er formålet med annonsen frå Entur?
Kven er målgruppa til annonsen frå Entur?
Kvifor trur du Entur bruker idiomet "berre blåbær" i denne annonsen?
Korleis speler bilete og tekst saman i reklamen?
Oppgåve 4. Gjett kva for idiom
Klarer du å forklare desse idioma? Diskuter gjerne løysinga med ein medelev før du snur kortet og sjekkar fasit.
Alle bileta i oppgåva er genererte ved hjelp av KI.
Oppgåve 5. Idiom i aviser
Det er ganske vanleg at nyheitssider bruker idiom. Diskuter med ein medelev kva du trur sakene under handlar om ut frå overskriftene. Sjå på fasit etter at de har diskutert.
Flyr ut av butikkhyllene
Slår full alarm om norske bilistar: - No må varsellampene lyse
Aleinemødrene Silje (30) og Lisa (30) slit med å få endane til å møtast: - Middag har vore ein luksus
Legg seg flat etter kritikk
Spesielt éin ting opptek Kolstad-stjerna: - Det knuser hjartet mitt
Fasit
"Flyr ut av butikkhyllene" er ei nyheitssak som handlar om at ei vare er så populær, at ho blir utseld med ein gong.
"Slår full alarm om norske bilistar" handlar om at for mange norske bilistar ventar for lenge med å levere bilen sin til kontroll for å sjekke om alt er i orden.
"Slit med å få endane til å møtast" handlar om ei sak der to småbarnsmødrer fortel om kor vanskeleg det er å ha dårleg økonomi.
"Legg seg flat etter kritikk" handlar om ein artist som angrar på at ein fotograf ikkje blei tilboden pengar for bileta artisten var interessert i å bruke.
"Spesielt éin ting opptek Kolstad-stjerna: - Det knuser hjartet mitt" handlar om ein kjend handballspelar som er veldig lei seg fordi mange barn ikkje har treningshall i nærleiken av der dei bur.
Oppgåve 6. Samanlikning av språk
Jobb saman i par på oppgåve A og B.
Finn to-tre mykje brukte idiom på eige førstespråk. Skriv idioma ned på førstespråket og på norsk. Snakk saman om kva dei betyr.
Lag passande illustrasjonar til idioma i oppgåve A. Lag ein plakat eller ei digital oversikt over idioma de har funne.
Diskuter felles i klassen: Kva betyr idioma? Fortel nokon av idioma noko spesielt om kulturen dei har oppstått i?
Oppgåve 7. Gjett og bruk ordbok
Under er det 20 idiom som er ganske vanlege i norsk språk. Jobb saman to og to. Snakk saman om kva de trur idioma betyr. Prøv deretter å finne ut kva idioma betyr. Bruk ordboka Lexin som hjelp.
Legge noko bak seg
Jo fleire kokkar, desto meir søl
Kaste inn handkleet
Misse hovudet
Vere på tynn is
Ikkje skjønne bæret
Komme til hektene
Vere på rett hylle i livet
På tomannshand
Gi blaffen
Strø salt i såret
Synge på siste verset
Vere hårsår
Få sparken
Komme til hektene
Drite på draget
Hipp som happ
I grevens tid
Hoppe etter Wirkola
Mange år på baken
Forslag til fasit
Legge noko bak seg: gløyme, ikkje tenke på det meir
Jo fleire kokkar, desto meir søl: uheldig viss mange personar er innblanda i ei sak eller eit prosjekt
Kaste inn handkleet: gi opp
Miste hovudet: miste kontrollen fordi ein blir så sint
Vere på tynn is : seie noko utan å vite det sikkert
Ikkje skjønne bæret: ikkje forstå noko
Komme til hektene: komme seg, få det betre etter motgang eller sjukdom
Vere på rett hylle i livet: ein person som trivst der hen er i livet
På tomannshand: privat samtale mellom to personar
Gi blaffen: ikkje bry seg
Strø salt i såret: gjere noko endå verre for ein person
Synge på siste verset: nærme seg slutten, også nærme seg slutten av livet
Vere hårsår: ikkje tole kritikk, bli fort fornærma
Få sparken: få beskjed om at ein har mista jobben
Komme til hektene: bli betre, bli frisk igjen
Drite på draget: dumme seg ut, gjere noko feil eller noko ein blir flau over
Hipp som happ: det same kva ein vel, begge delar er like bra eller dårleg
I grevens tid: komme i siste liten, akkurat rekke noko
Hoppe etter Wirkola: vanskeleg å følge etter nokon som har vore veldig flinke i det dei gjer. Idiomet har den historiske bakgrunnen sin i den norske skihopparen Bjørn Wirkola.
Mange år på baken: vere godt vaksen, ha erfaring på eit område
Oppgåve 8. Bruk idiom i eigne setningar
Bruk nokre av idioma i oppgåve 7 til å lage eigne setningar.
Døme: Eg kasta inn handkleet. Det blei altfor hard motstand for meg!
Oppgåve 9. Set saman idiom og forklaring
Dra forklaringane til riktig idiom.
Oppgåve 10. Finn riktig forklaring til idiomet
Jobb saman to og to. Dra forklaringa til riktig idiom.