Øv på setningar med subjekt, verbal og objekt
Dette er ein del av ein læringssti om heilsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er ei heilsetning?"
Oppgåve 1. Rett rekkefølge
Dra orda til rett boks. Du skal lage ei heilsetning med subjekt, verbal og objekt.
Oppgåve 2. Lag setningar
Lag seks setningar. Du skal bruke alle orda i tabellen under, men berre éin gong kvar.
Gå i grupper. Les setningane høgt for kvarandre. Er handlingane i setningane de har laga noko som kunne ha skjedd i verkelegheita, eller blei kanskje nokon av dei litt komiske?
Subjekt | Verbal | Objekt |
---|---|---|
Han Jenta Dei to gutane Faren Den lilla jenta Hunden | et kastar får gir liker lagar | ein vase ein klem foreldra sine ei gåve matpakken sin ballen |
Oppgåve 3. Bind saman heilsetningar
I denne oppgåva er to heilsetningar bundne saman med konjunksjonane "og" eller "men". Fullfør setningane ved å setje orda etter boksen i rett rekkefølge.
Gå vidare i læringsstien for å lære meir om setningar med adverbial.