Kva er ei heilsetning?
Før du les
Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:
- Verbal
- Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "drikk" verbalet.
- Subjekt
- Subjektet er den som handlar i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
- Heilsetning
- Heilsetninga kan stå åleine og gi meining. På norsk må nesten alle heilsetningar ha eit subjekt og eit verbal. I setninga "Han går" er "han" subjekt og "går" verbal.
- Leddsetning
- Leddsetningar er setningar som ikkje kan stå åleine (døme: "fordi vi er sjuke"). Vi kjenner dei igjen ved at dei startar med ein subjunksjon, som til dømes at, når, fordi, då...
Kva er ei heilsetning?
Ei heilsetning er ei setning som kan stå åleine. Til dømes er desse to setningane heilsetningar:
Eg kjøpte kjolen.
Han gav meg ei gåve.
Men denne setninga er ikkje ei heilsetning:
fordi ho var så fin
Årsaka er at ho ikkje gir meining når ho står åleine. Dette er altså ei leddsetning. For at ho skal gi meining, må ho stå saman med ei heilsetning:
I frasen "Eg kjøpte kjolen fordi han var så fin" er "Eg kjøpte kjolen" heilsetning og "fordi han var så fin" leddsetning.
Ei heilsetning må ha subjekt og verbal
For at ei heilsetning skal vere rett, må ho ha eit subjekt og eit verbal. Her kjem tre døme på heilsetningar. Dei har både subjekt og verbal.
I setninga "Anna kjem i morgon" er "Anna" subjekt og "kjem" verbal.
I setninga "Det regnar" er "det" subjekt og "regnar" verbal.
I setninga "Adam og Ahmed er i byen" er "Adam og Ahmed" subjekt og "er" verbal.
Men i setningane under manglar det anten subjekt eller verbal. Dei er altså ikkje heilsetningar:
Kjem i morgon (manglar subjekt)
Skal ikkje sove no (manglar subjekt)
Ho i byen (manglar verbal)
Unntak
Det er nokre typar heilsetningar som ikkje treng subjekt og verbal. Til dømes er det ikkje sånne krav til bydesetningar. Bydesetningar er setningar som vil be nokon om å gjere noko:
Kom!
Gå!
Viss du går vidare i læringsstien, vil du lære meir om korleis du skal bygge opp ei heilsetning, og når du skal bruke punktum.