Øv meir på preteritum og perfektum
Dette er ein del av ein læringssti om preteritum og perfektum. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Preteritum eller perfektum?".
A. Kvifor preteritum og perfektum?
Sit i par. Les teksten om Henrik Ibsen under og finn alle verba.
De vil finne verb som står i verbtidene presens ("et"), preteritum ("åt") og presens perfektum ("har ete"). Skriv ned alle verba som står i preteritum og perfektum.
Diskuter kvifor verba står i anten preteritum eller perfektum. Bruk reglane de har lært om preteritum og perfektum mens de diskuterer.
Henrik Ibsen har vore den aller mest kjende dramatikaren vår i over 100 år. Han vaks opp i Skien, men budde òg i Grimstad då han var ung. I 1879 skreiv han skodespelet Et dukkehjem. Det har hatt stor betydning for rettane kvinner har i Vesten. Då stykket kom ut, hadde kvinner færre rettar enn dei har no.
Nationaltheatret har sett opp Et dukkehjem denne hausten. Førre haust sette Nationaltheatret opp Gjengangere.
B. Finn feilen
Sit i par. Les teksten under. De skal diskutere verba. Fem av setningane har feil verbtid. Klarer de å finne dei fem feila?
Eg har vore (V) i Sverige førre sommar. Denne sommaren var (V) eg berre i Noreg. Mormor blei (V) nemleg sjuk. Ho var (V) sjuk fram til no. Sidan eg berre var (V) i Noreg denne sommaren, har eg bada (V) mykje i sjøen her. Det har vore (V) varmt i vatnet heile tida. I fjor har sjøen vore (V) så kald!
A. Nye sko
B. Skriv svara
Skriv inn riktig form av verbet i parentes. Du skal velje anten preteritum eller presens perfektum.
Her er verba du skal bruke i oppgåve A:
Å vakne – no vaknar – i går vakna – har vakna
Å finne – no finn – i går fann – har funne
Å sjå – no ser – i går såg – har sett
Å tenke – no tenker – i går tenkte – har tenkt
A. Det mystiske brevet
Tips: Her skal eitt av verba stå i presens perfektum, resten i preteritum. Verbet som skal stå i perfektum, gjer det fordi handlinga har konsekvensar for notida.
B. Pierre
Her er verba du skal bruke i oppgåve B:
Å opne – no opnar – i går opna – har opna
Å vere – no er – i går var – har vore
Å skrive – no skriv – i går skreiv – har skrive
Å dra – nå dreg – i går drog – har drege
Å sakne – no saknar – i går sakna – har sakna
Tips: Her skal tre av verba stå i presens perfektum, eitt av dei fordi handlinga skjedde i fortid, men har konsekvensar for notida, dei to andre fordi handlinga starta i fortid og framleis held på.
C. Turen til Frankrike
Her er verba du skal bruke i oppgåve C:
Å reise – no reiser – i går reiste – har reist
Å bu – no bur – i går budde – har budd
Å besøke – no besøker – i går besøkte – har besøkt
Å bli – no blir – i går blei – har blitt
Tips: Her skal tre verb i presens perfektum, det eine fordi handlinga starta i fortid og framleis held på, dei to andre fordi handlinga i fortid har konsekvensar for notida.
D. Avslutning på historia
Skriv fire–fem setningar som skal vere ei avslutning på historia om brevet frå Frankrike. Skriv på ark eller datamaskina. Lag tomme felt der verba skal stå i riktig form, slik som i dei tre oppgåvene over. Skriv verba som skal brukast, i infinitiv (å ...) i parentes.
Byt tekst med ein medelev. Fyll ut dei tomme felta.
Gå gjennom tekstane de har fylt ut. Diskuter om de har brukt riktig verbform. Spør ein lærar om de er usikre.
I denne oppgåva skal de byte på å stille kvarandre spørsmål og svar. Målet er at den som svarer, skal øve på å bruke preteritum og presens perfektum på riktig måte.
Slik går de fram
Sit med ansikta mot kvarandre. Den som skal stille spørsmål, har pc-en framfor seg. Den andre skal svare. Byt når de er halvvegs.
De kan snu kortet for å sjå døme på svar. Det viktige her er at de sjekkar om de har brukt riktig verbform.
Spør læraren dykkar om de er i tvil om de bruker riktig verbform.
Skriv ein tekst på 50–100 ord. Tenk nøye over korleis du bruker preteritum og presens perfektum. Vel ei av oppgåvene under:
Skriv ein tekst om korleis og kvifor du flytta til Noreg. Du kan starte slik: "Hei, eg heiter ... Eg ... i Noreg ..."
Fortel om ein ferie du ein gong har vore på. Du kan starte slik: "Den beste ferien eg ..."
Fortel om ei artig hending frå livet ditt. Du kan starte slik: "Noko av det artigaste eg ..."
Les teksten din høgt for ein annan i klassen. Gi kvarandre tilbakemelding på om bruken av preteritum og presens perfektum er riktig. Spør læraren dykkar om de er i tvil.