Meir om preteritum og perfektum
Dette er ein del av ein læringssti om preteritum og perfektum. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Preteritum eller perfektum?"
Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:
- Periode
- Ein periode er ein del av ei tid. Eit anna namn på periode kan vere tidsrom eller ein epoke. Vi kan seie: Denne våren har vore ein fin periode i livet mitt eller Det har vore ein periode med mykje fint ver no.
- Fortid
- Fortid er noko som har skjedd: Ja, eg har gjort mange feil, men det har eg slutta med. Det er ein del av fortida mi.
- Preteritum
- Preteritum er ei form vi bruker for å bøye verbet i tid. Vi bruker preteritum når vi viser til at noko har skjedd i fortid: Eg besøkte han i går.
- Presens perfektum
- Presens perfektum er òg ei form som viser til fortid. For å lage presens perfektum må vi ha eit hjelpeverb og verbet i perfektum: Eg har besøkt han.
Viss du har gjort dei to første trinna av læringsstien om preteritum og perfektum, så har du lært at når vi har med referanse til fortid, skal du bruke preteritum:
Eg besøkte han i går. (Verbet "besøkte" står i preteritum.)
Førre veke hadde vi prøve. (Verbet "hadde" står i preteritum.)
Eg budde i Sverige før. (Verbet "budde" står i preteritum.)
Men sjå på desse setningane. Alle har referanse til fortid, men verba står i presens perfektum: har budd, har vore, har drukke. Klarer du å forklare kvifor?
Eg har budd i Noreg i seks år.
Eg har vore på tre feriar i år.
Han har drukke tre glas vatn i dag.
Svar: Det alle setningane har felles, er at den som seier dei, framleis er inne i same periode som hendinga i fortid skjedde.
Eit døme
Viss du bur i Noreg og får spørsmålet: Kor lenge har du budd i Noreg?, skal du svare:
Eg har budd her i seks år.
Det blir feil å seie: Eg budde her i seks år.
Kvifor? Jo, fordi når du viser til ein periode som starta i fortid, men ikkje er over, skal du bruke perfektum.
Til spørsmålet: Kva gjorde du i friminuttet?
Du skal bruke preteritum når ei handling er begynt og avslutta i fortid: Kva gjorde du i friminuttet? Eg sjekka mobilen.
Du skal bruke preteritum når du er oppteken av tidspunktet noko skjedde på i fortid: I friminuttet sjekka eg mobilen.
Du skal bruke perfektum når du er oppteken av konsekvensane ei handling i fortid har for notida: Kva har du gjort? Eg har sjekka mobilen.
Du skal bruke perfektum når ei handling starta i fortid og framleis held på: Eg har sjekka mobilen sidan friminuttet starta, men eg har ikkje fått noka melding enno.
Gå vidare i læringsstiane for å teste kunnskapane dine om preteritum og perfektum.
Relatert innhald
Øv deg på når du skal bruke preteritum og presens perfektum på norsk.