Test deg i dei fem vanlegaste norske verba
No skal du på speeddate (speed + date). Veit du kva det er? Ein speeddate er ein måte å bli kjend med nye menneske på. Du får sitje nokre få minutt med kvar person, de snakkar saman og prøver å bli kjende. For dei fleste er målet å finne ein kjæraste.
Men i denne oppgåva er ikkje målet å få ein kjæraste, men å speeddate dei fem mest brukte verba i norsk. Det skal hjelpe deg til å forstå dei ulike betydningane desse verba har.
Klikk på verba ha, vere, bli, kunne og få. Hugs at dei kan stå i både infinitiv, presens, preteritum og perfektum.
å ha – har – hatt – har hatt
å vere – er – var – har vore
å bli – blir – blei – har blitt
å kunne – kan – kunne – har kunna
å få – får – fekk – har fått
No skal du ha eit raskt møte med dei fem verba. I kvart møte skal du først finne ut kva verbet betyr i setninga. Heilt til slutt i kvar speeddate skal du sjekke om du kan bøye verba rett i tid.
A. På speeddate med å vere
B. På speeddate med å ha
C. På speeddate med å bli
D. På speeddate med å kunne
E. På speeddate med å få
I denne oppgåva skal du sjekke om du kan setje dei fem verba inn i ei setning. Viss du får det til, viser du at du har forstått mykje om korleis vi bruker dei fem verba i setningar på norsk.
Sit i par:
Slå opp på ei side i ei lærebok eller ei anna bok du har. Leit etter dei fem verba å vere, å få, å bli, å kunne og å ha der.
Diskuter om de forstår kva verbet betyr i den samanhengen det er brukt i boka.
Sit i par:
Lag ein kort dialog som varer cirka eit minutt. Målet er å bruke flest mogleg former av verba å ha, å få, å kunne, å vere og å bli. Det gjer ingenting om de ikkje får brukt alle fem verba eller alle dei fire formene av verba, men bruk så mange de får plass til i den korte dialogen.
Framfør framfor klassen.
Be klassen gi dykk tilbakemelding på om de har brukt verba rett.