Hopp til innhald

Fagstoff

Hatprat og funksjonsnedsettingar

Kva er hatprat og hatytringar? Mange med ei funksjonsnedsetting, opplever hatprat og hatytringar. Det finst mange skjellsord som er knytte til kronisk sjukdom og funksjonsnedsettingar, som "retard", "mongo" eller "krøpling".
Ei tavle med nedsettande ord som "krøpling", "svake", "retard" og "hjelpeløse". Illustrasjon.

Det ligg mykje makt i språket. Språk og ordbruk er med på å påverke normer og haldningar, og dermed òg korleis vi ser på verda og oppfattar andre menneske.

Det er ganske vanleg at nemningar eller ord knytte til funksjonsnedsettingar og kronisk sjukdom, blir nytta som skjellsord eller synonym til det å vere dum, teit og liknande i daglegtalen. Sidan slike utsegner ofte blir brukte i negative samanhengar, blir dei stigmatiserande og nedverdigande. Når det til dømes blir sett likskapsteikn mellom "hemma" og "dum", bygger dette opp under fordommen om at funksjonshemma er dumme.

Denne typen negative utsegner blir ikkje berre retta mot personar med funksjonsnedsettingar. Det er òg vanleg at slike skjellsord og negative nemningar blir brukte mot personar som ikkje har noka funksjonsnedsetting.

Nokre døme på nedsettande utsegn som blir brukte i daglegspråket

Døme på moglege betydningar

Jævla retard/mongo/krøplingBlir brukt som skjellsord.
Hemma/retard/mongoDum/teit/rar/stygg/dust
Er du heilt mongo, eller? Er du heilt dum, eller?
Det var døvt.Det er kjedeleg/dumt/teit.
Har du heilt ADHD?Kvifor er du så irriterande? / Klarer du ikkje å sitje stille?
Er du tilbakeståande? Klarer du ingenting? / Er du dum?
Er du heilt sinnssjuk? Kvifor oppførte du deg sånn?
Kan du slutte å vere så hemma? Kan du slutte å oppføre deg så teit?
Eg kjenner meg deppa.Eg har hatt ein kjip dag.
Eg får heilt angst av å tenke på eksamen. Eg er nervøs for eksamen.
Har du heilt Downs/CP, eller? Du er rar/stygg/ekkel.

Språk er viktig

Utsegnene i tabellen over kan stå fram som "ufarleg" språkbruk. Det er fordi slike utsegner er godt innarbeidde og vanlege i det daglegdagse språket. Både vaksne og unge kan oppfatte slik språkbruk som uskyldig, men samtidig vel dei å bruke eit språk som bygger på fordommar.

Mange bagatelliserer, ufarleggjer eller rettferdiggjer negativ språkbruk ved å seie at dei "berre køddar" eller "tullar", "alle andre gjer det" eller "det var ikkje vondt meint". Unge med funksjonsnedsettingar kan òg velje å bli med på "leiken", sjølv om dei ikkje synest det er greitt. Det kan vere ein slags forsvarsmekanisme og ein inngangsport til å bli ein del av gjengen.

Språkbruk kan opplevast støytande og sårande, sjølv om det ikkje er intensjonen. Viss du bruker diskriminerande ord og utrykk, kan du vere med på å spreie og halde oppe negative haldningar, stereotypiar og fordommar mot personar med funksjonsnedsettingar – utan å vilje det sjølv. Dette kan vidare bidra til å underbyggge hatprat mot personar med funksjonsnedsettingar.

Hatprat og hatytringar

Éin av tre personar med funksjonsnedsettingar blir utsette for hatprat. I skulegarden kan du høyre skjellsord som "jævla mongo", "retard" og "jævla misfoster" – alle ord som er knytte til funksjonsnedsettingar. Fleire unge med funksjonsnedsettingar opplever truslar om vald og blir òg utsette for fysisk vald på skulen på grunn av funksjonsnedsettinga si.

De kalte meg døvefaen, døvejævel, du er ikke verdt en dritt, du burde forsvinne fra verden, at jeg ikke er en del av samfunnet. Det var mye harde ord, og det gikk jo hardt inn på meg, men det så ikke de.

– Hans, døv, 21 år

Hatprat kan komme til uttrykk på ulike måtar, til dømes gjennom prat, skrift, musikk, video og bilete og kan òg brukast til å beskrive alvorleg krenkande og truande åtferd.

Hatprat bygger på negative fordommar og stereotypiar som kan knytast til gruppetilhøyrsel. Ifølge desse fordommane og stereotypiane har somme individ eller grupper eigenskapar som gjer dei mindreverdige.

Somme hatytringar kan vere straffbare etter § 185 i straffelova, og overordna del i læreplanen slår fast at respektlause og hatefulle ytringar ikkje skal aksepterast i skulen.

Mange unge opplever å bli sett på som annleis på grunn av funksjonsnedsettinga si. Ved å plassere eller omtale personar med funksjonsnedsettingar som "dei andre", kan ein skape ei førestilling om at dei ikkje er ein del av gruppa "oss og vi".

Det er ofte ein samanheng mellom hatprat og andre krenkingar som mobbing, diskriminering og vald, og det kan vere vanskeleg å skilje dei frå kvarandre. Fellesnemnaren er at begge delar går føre seg i ein relasjon med eit skeivt maktforhold.

Å finne ein universell definisjon på hatprat er ikkje lett, men det er uansett ingen tvil om at dette er eit overgrep og brot på menneskerettane.

Definisjonen av hatytringar

"Hatytringer er nedverdigende, truende, trakasserende eller stigmatiserende ytringer som rammer individets eller en gruppes verdighet, anseelse og status i samfunnet ved hjelp av språklige og visuelle virkemidler som fremmer negative følelser, holdninger og oppfatninger basert på kjennetegn, som for eksempel etnisitet, religion, kjønn, nedsatt funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitet og alder." (Likestillings- og diskrimineringsombudet, 2015, s. 12)

To brikker (en blå og en grønn) står litt bortenfor fire røde brikker.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hatprat og haldningar

Somme ønsker bevisst å ramme andre med hatpratet sitt, men det kan òg botne i vankunne, dårlege haldningar og manglande forståing. Hatprat treng ikkje nødvendigvis å vere motivert av hat. Handlingar eller ytringar som kan verke ubetydelege, kan få større konsekvensar enn ein trur. Opplevinga av kontinuerlege små stikk i kvardagen som går på at nokon er "annleis" eller "ikkje høyrer til", kan opplevast like nedverdigande og sårande som hatprat og stygge kommentarar.

Reflekter

Kan du komme med nokon døme på korleis språket påverkar haldningar og fordommar mot personar med funksjonsnedsettingar?

Denne artikkelen er skriven av Unge funksjonshemmede.

Kjelder

Likestillings- og diskrimineringsombudet. (2015). Hatytringer og hatkriminalitet. https://www.ldo.no/globalassets/_ldo_2019/03_ombudet-og-samfunnet/rapporter/hatefulle-ytringer/hatytringer_og_hatkriminalitet_rapport.PDF

Nordlandsforskning. (2016). Hatytringer. Resultater fra en studie av funksjonshemmedes erfaringer. NF rapport nr: 6/2016 . https://nordlandsforskning.no/sites/default/files/files/nf%206-2016%20opplag%202.PDF

CC BY-SASkrive av Maren Fuglesang.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2022

Læringsressursar

Funksjonsmangfald