Hopp til innhald
Oppgåve

Funksjonsmangfald og fordommar

Kva utfordringar og fordommar møter dei av oss som har ei funksjonsnedsetting? I desse oppgåvene skal du reflektere over korleis det kan opplevast å ha ei synleg eller usynleg funksjonsnedsetting.

Oppgåve 1. Synlege funksjonsnedsettingar

Før du ser filmen:

  • Kva utfordringar trur du nokon i rullestol kan møte?

  1. Var det noko som overraska deg i filmen?

  2. Kva barrierar eller utfordringar møter personane på?

  3. Kva antakingar eller fordommar møter dei på grunn av funksjonsnedsettinga si?

  4. Kva kan vere grunnen til at mange har desse fordommane?

  5. Kva kan du og samfunnet gjere for å inkludere personar med funksjonsnedsettingar endå betre?

Oppgåve 2. Usynlege funksjonsnedsettingar

Før de ser filmen:

  • Trur du det er mange som har funksjonsnedsettingar utan at andre kan sjå det på dei?

  • Kvifor kan det vere vanskeleg å ha ei funksjonsnedsetting som andre ikkje ser?

Video: Norsk Revmatikerforbund / CC BY-NC-ND 4.0
  1. Var det noko som overraska deg i filmen?

  2. Kva barrierar eller utfordringar møter personane på?

  3. Kva antakingar eller fordommar møter personane på grunn av funksjonsnedsettinga si?

  4. Trur du det er forskjell på fordommane dei med usynlege funksjonsnedsettingar møter samanlikna med dei med synlege funksjonsnedsettingar? Grunngi svaret.

  5. Kva kan du og samfunnet gjere for å møte personar med usynlege funksjonsnedsettingar på ein betre måte? Formuler minst tre konkrete forslag.

Oppgåve 3. Samanlikn ulike minoritetar

I denne oppgåva skal du sjå på likskapar og forskjellar mellom ulike minoritetar i Noreg. Ungdom med funksjonsnedsettingar er ei minoritetsgruppe.

Vel ut ei anna minoritetsgruppe. Det kan til dømes vere minoritetar knytte til seksuell orientering eller kjønn, som homofile eller transpersonar, urfolksminoritetar som samar, nasjonale minoritetar som romfolk eller religiøse minoritetar som muslimar.

Samanlikn ungdommane som tilhøyrer denne minoriteten med ungdommar som har ei funksjonsnedsetting.

  1. Normer er forventingar til korleis vi bør vere, sjå ut og oppføre oss. Bryt dei to minoritetsgruppene med nokon normer i det norske samfunnet? Gi konkrete døme?

  2. Møter dei to minoritetsgruppene nokon av dei same fordommane? Gi konkrete døme.

  3. Møter dei to minoritetsgruppene ulike fordommar? Gi konkrete døme.

  4. Somme kan tilhøyre fleire minoritetar på ein gong. Eit døme kan vere ein person som har ei funksjonsnedsetting, er homofil og muslim. Kva utfordringar kan ein person som tilhøyrer fleire minoritetar møte?

  5. Reflekter over kva som er årsakene til fordommar mot minoritetsgrupper.

  6. Diskuter kva samfunnet kan gjere for å inkludere ulike minoritetsgrupper på ein god måte.


Denne oppgåva er skriven i samarbeid med Unge funksjonshemmede.

Kjelder

Unge funksjonshemmede. (u.å.). Øvelser til undervisning. Henta 22. mars 2022 frå https://ungefunksjonshemmede.no/ressurser/kurs/kronisk-inkludering/materiell/refleksjonsoppgaver/