Universelt utforma innhald tilpassa ulike funksjonsnedsetjingar
Ein person kan ha ei funksjonsnedsetjing heile livet, eller det kan vere noko som oppstår ein avgrensa periode, som å brekke ein arm eller å få ein forbigåande augeskade. Ved å lageuniverselt utformainnhald gjer vi innhald tilgjengeleg for fleire. Nedsett funksjonsevne gjer det utfordrande å bruke ein app eller ei nettside eller å oppfatte innhaldet i medieprodukt.
Når du lagar innhald, kan du tenke på korleis du kan dekke behov knytte til ulike typar funksjonsnedsetjing, som
blindskap eller nedsett syn
høyrselsutfordringar
motoriske utfordringar
kognitive utfordringar
lese- og skrivevanskar
Nokre er blinde, og andre har nedsett syn, som vil seie at dei kan sjå litt. For dei som ikkje ser, er det viktig at
nettinnhald er godt og logisk strukturert
nettinnhald er tilgjengeleg gjennomskjermlesarar
innhald som ikkje er tekst, som lyd, foto eller video, er tilgjengeleg i tekstform
nettløysinga er koda rett og merkt med rett språk, slik at skjermlesarar kan fange opp innhaldet på rett vis
menyar på restaurantar er tilgjengelege digitalt eller har punktskrift
For dei som har nedsett syn og kan sjå noko, er det i tillegg viktig at
tekst, bilete og tabellar kan forstørrast utan at kvaliteten blir dårlegare
bilete og grafikk har gode kontrastar, og det er tydeleg kontrast mellom tekstfarge og bakgrunn
det blir brukt tydelege fontar utanseriffar, som er lette å tyde og angir tydelege tal
Du kan finne ut meir om korleis du kan legge til rette for personar som er blinde eller har nedsett syn, ved å lese om universell utforming på Blindeforbundets nettsider.
Personar kan vere døve eller ha nedsett høyrsel. For å legge til rette for personar som ikkje høyrer, er det viktig å
tekste eller transkribere innhald med lyd, slik som lydklipp og video
gi tilbakemelding til brukaren på fleire vis dersom nettsida bruker lyd for å gi respons
Dersom det er ein pling-lyd når brukaren svarer rett, bør det òg vere ein visuell respons, til dømes eit bilete, symbol eller tekst. Dersom det er ein app, kan vi legge inn svak vibrasjon som respons i tillegg til tekst.
For personar som kan høyre litt, er det viktig at
lydklipp med tale har lite bakgrunnstøy og høg nok lyd, og at folk snakkar tydeleg
Du kan lese meir om høyrsel og universell utforming på nettsidene til Statped.
Det kan vere mange grunnar til at personar kan ha utfordringar med å navigere med mus eller bruke berøringsflate. Personar kan mangle arm, hand eller fingre. Nokre kan skjelve på hendene eller ha leddproblem som gjer det vanskeleg å navigere med mus eller treffe små berøringsfelt.
For personar som har utfordringar med å navigere med mus eller berøringsflate, er det viktig at
innhald er mogleg å nå gjennom tastaturnavigasjon
det er fleire måtar å navigere og finne informasjon på
sentralt innhald er lett å finne
innhald er koda rett og har logisk rekkefølge slik at tastaturnavigasjon kan brukast på ein formålstenleg måte
innhald der brukaren skal gi "input", som å skrive, krysse av og liknande, må kodast rett og vere lett å bruke på fleire måtar
Personar med nedsett kognitivt nivå kan trenge hjelp med å forstå innhald. For personar med kognitive utfordringar er det viktig at
språket er klart, tydeleg og forståeleg
det er god struktur i innhaldet, og at titlar er presise og tydelege
lange tekstar blir brotne ned med mellomtitlar, luft, opplisting og bruk av visuelle element
vanskelege ord blir forklarde
innhaldet blir forklart på fleire måtar, til dømes med kombinasjon av tekst, bilete og grafikk
det er mogleg å sjå video, lytte til lydklipp eller lese tekst i deira eige tempo, til dømes ved å ha moglegheit for å justere fart og setje på pause
For personar med lese- og skrivevanskar kan det vere vanskeleg å oppfatte og avkode tekst. Denne gruppa vil ha nytte av at
tekst er tilgjengeleg digitalt, koda rett og kan lesast opp av skjermlesarar
det blir brukt visuell støtte som bilete, illustrasjonar, symbol og video for å forklare og formidle innhald
tekst er godt strukturert og oversiktleg, og at det er ikkje for tunge og lange setningar
vanskelege og lange ord blir forklarte medordforklaringar
Du kan lese meir om korleis du kan legge til rette for personar med lese- og skrivevanskar på desse nettsidene:
Tilsynet for universell utforming av ikt, òg kalla Uutilsynet er ei god kjelde for å få rettleiing og støtte når vi lagar nettinnhald som skal vere universelt utforma. Tilsynet har laga rettleiingar knytte til ulike innhaldstypar, slik at medie- og it-produsentar kan lage tilgjengeleg innhald for mange ulike brukarar.
Uutilsynet: Veiledning
NDLA har laga støtteressursar om universell utforming av medieprodukt som kan vere til hjelp i produksjon av medieinnhald og nettinnhald.