Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Tankar og psykisk helse

Vi har tusenvis av tankar som går gjennom hovudet vårt i løpet av ein dag. Veldig forenkla kan vi seie at somme er negative, somme er positive, og somme er nøytrale – sjølv om dei aller fleste tankane er samansette. Tankar kan påverke kva vi kjenner, og kjensler kan påverke korleis vi tenker.

"Tankekøyr"

Det er lett å tru at du er åleine om å ha rare, slitsame eller negative tankar, men det er du ikkje. Det er til dømes ganske vanleg å ha seksuelle fantasiar vi aldri ville levd ut i verkelegheita, eller å tenke veldig mykje på korleis andre oppfattar oss. Av og til kan det kjennast som om tankane berre strøymer på, utan at vi klarer å stoppe dei. Vi kallar gjerne dette for "tankekøyr".

Tankar blir forma av erfaringar

Dei fleste av oss har erfart at det ikkje berre er å "bestemme" seg for å tenke på ein viss måte. Korleis vi tenker, blir påverka av fleire ting – mellom anna dagsforma vår, personlegdommen vår, og kva vi har opplevd i livet. Viss du til dømes har opplevd å bli mobba på skulen eller fått mykje kritikk heime, er det ikkje rart om nedsetjande eller vonde kommentarar frå andre blir ein del av dine eigne tankar. Viss det vidare fører til at du fleire gonger tenker kritisk om deg sjølv, blir det eit mønster. Eit slikt negativt tankemønster kan vere skadeleg for sjølvkjensla vår over tid.

På same måten vil det òg falle seg lettare for personar som har fått mykje ros og anerkjenning å nettopp tenke på ein slik oppmuntrande måte om seg sjølv og livet generelt. Somme har til dømes fått mykje hjelp heime, eller gjennom ein idrett, i å øve seg på å tenke positivt i møte med utfordrande situasjonar.

Svømmarar i ein svømmehall er i lufta etter startskotet. Foto.

Bekymringstankar og grubling

I nokre periodar av livet kan vi oppleve at vi har mange vonde tankar om oss sjølve, og at vi utan å vere bevisste på det bruker mykje tid på bekymring eller grubling. Bekymring er knytt til ting som kan skje i framtida, mens grubling handlar meir om det som har skjedd tidlegare. Ofte kjem grubletankane igjen og igjen når vi har tid og ro rundt oss, som rett før vi skal sove.

Viss noko vanskeleg har skjedd i livet ditt, til dømes at du har krangla med ein venn, er det ikkje uvanleg å gruble over kva du kunne gjort annleis, eller kvifor ting blei som dei blei. Det er ein naturleg del av det å vere menneske å prøve å forstå seg sjølv og andre på denne måten. Ofte vil grubletankar gå over av seg sjølv. Andre gonger kan vi oppleve at desse tankane stel mykje energi og fokus over tid utan å hjelpe oss. Du kan lese meir om dette i artikkelen "Tankefeller" .

Som med alt anna i livet blir du ikkje god i noko nytt utan å øve. Litt forenkla kan vi seie at dei tankemønstera vi ofte hamnar i, blir som "motorvegar" i hjernen vår. Desse vegane er raske, og det kan vere vanskeleg å komme seg over på ein "sideveg". Å øve seg på å tenke annleis vil til å begynne med vere som å trakke opp ein heilt ny sti. Men jo fleire gonger vi går han, jo tydelegare vil stien bli.

Tankar er ikkje farlege

Alle menneske har "forbodne", plagsame eller mørke tankar innimellom. At vi tenker noko, er ikkje det same som at vi ønsker at dette skal skje i verkelegheita. Vi kan til dømes tenke stygt om andre, eller få opp rare eller skremmande bilete i hovudet. Dette er ubehageleg, men hugs at det er handlingane våre som bestemmer kven vi er. Å akseptere at ein tanke er ein tanke, og at han ikkje kan gjere oss eller andre vondt, er ein god måte å ikkje la tankane få styre på.

ABC-modellen

Vi fører alle ein indre dialog med oss sjølve heile tida. Måten vi tenker om ulike hendingar på, vil òg kunne påverke korleis vi føler, og korleis vi oppfører oss i ulike situasjonar (Berge, 2008). Samtidig vil det vere slik at kjensler òg kan påverke korleis vi tenker. Det finst ikkje eit fasitsvar på om det er tankane eller kjenslene som kjem først, dette avheng ofte av situasjonen.

ABC(D)-modellen (Berge, 2008) er ein måte å forstå sin eigen indre dialog på og viser samtidig korleis vi kan skilje mellom kva som er tankar, kjensler og sjølve situasjonen.

  1. Hendinga er det som faktisk skjer i ein situasjon.

  2. Tankane er kva du tenker om situasjonen – di eiga tolking. Du kan ha mange tankar som går gjennom hovudet samtidig.

  3. Kjenslene er det du kjenner som dukkar opp, til dømes tungsinn, misunning, glede eller frykt.

  4. Alternative tankar til B er andre måtar å tenke om situasjonen på.

Døme:

Caroline har lagt merke til at bestevenninna hennar har begynt å vere mykje saman med ei anna jente i klassen. Dei ler ofte når dei snakkar saman, og det verkar som at dei har det gøy. Caroline tenker at det må vere fordi ho sjølv er kjedeleg å vere saman med, og begynner etter kvart å kjenne seg trist og usikker. Ho begynner òg å trekke seg meir unna bestevenninna si.

I dette tilfellet får Caroline nokre tankar om kvifor bestevenninna oppfører seg som ho gjer, utan at ho har sjekka ut om dette stemmer eller ikkje. Det kan vere mange årsaker til at Caroline får slike tankar. Kanskje har ho opplevd å bli avvist av ein venn tidlegare. Sjølv om tankane i seg sjølve kan vere forståelege, vil dei uansett ikkje vere til hjelp for Caroline. Dei vil i staden føre til vonde kjensler og ei endring i åtferda hennar. Dersom vi skal bruke ABC(D)-modellen på Caroline sin situasjon, kan det sjå slik ut:

  1. Hendinga: Bestevenninna har fått ein ny venn.

  2. Tankane: Eg er ein kjedeleg person. Det er ikkje vits i å prøve å snakke med venninna mi om korleis eg har det. No er vennskapen over.

  3. Kjenslene: Trist, usikker, einsam

  4. Alternative tankar til B: At bestevenninna mi har fått ein annan venn, treng ikkje å bety at det er noko feil med meg. Det er jo hyggeleg å bli kjend med fleire. Kanskje eg skal gå bort og snakke med dei?

I Carolines tilfelle vil dei alternative tankane (D) mest sannsynleg føre til nokre ganske andre kjensler og handlingar enn det som er tilfelle ved dei første negative tankane (B). Dersom ho tenker dei alternative tankane, er det mindre sannsynleg at ho vil kjenne seg trist, usikker og einsam. Dei alternative tankane vil òg føre til at ho tek kontakt med dei andre framfor å trekke seg unna.

Vanskelege tankar

Viss vi i periodar opplever at det er vanskeleg å snu negative tankemønster på eiga hand, eller at tankane øydelegg for oss i kvardagen – til dømes for søvn eller konsentrasjon på skulen – kan det vere lurt å søke hjelp. Det same gjeld dersom vi har hatt tankar om å ta vårt eige liv.

På skulen kan du snakke med kontaktlærar, helsesjukepleiar eller miljøarbeidar. Det finst òg mange du kan snakke med utanfor skulen. Du kan alltid snakke med fastlegen din, og det er òg mange andre alternativ. Her er ei oversikt over kven du kan ta kontakt med:

Artikkel: Kven kan du snakke med utanfor skulen?

Kjelder

Berge, T. (2014). Tankens kraft: En kognitiv tilnærming. [Notat]. https://www.kognitiv.no/wp-content/uploads/2014/11/Tankens-kraft.pdf

Berge, T. & Repål, A. (2008) Håndbok i kognitiv terapi. (1. utg.) Gyldendal Akademisk.

CC BY-SASkrive av Camilla Øien.
Sist fagleg oppdatert 26.06.2024