Oppgåve
Fysisk aktivitet
Fysisk aktivitet har mange positive effektar vi ofte ikkje tenkjer på i kvardagen. Auka aktivitet kan gi deg betre minne, auka merksemd og gjere deg meir konsentrert og kreativ. Det kan òg gi deg betre humør, meir energi og betre psykisk helse.
Før de ser filmen – diskuter:
Kva er fysisk aktivitet?
Kvifor er det viktig å vere fysisk aktiv?
Sjå filmen og diskuter:
Kva for positive effektar har regelmessig fysisk aktivitet?
Fysisk aktivitet kan ha mange positive effektar på hjernen. Kva for positive effektar har de sjølv merka?
Mange ungdommar sluttar med idrett og fysisk aktivitet i 15–16-årsalderen. Kvifor trur de så mange sluttar?
Kva kan vi gjere for at fleire ungdommar skal vere meir fysisk aktive?
I kva situasjonar har de indre motivasjon, og korleis opplever de det? Gi konkrete døme.
Kvifor kan det vere viktig med indre motivasjon viss de ønsker å bli meir fysisk aktive?