Introduksjon
CC BY-SA 4.0Fysisk aktivitet kan gi deg betre humør, auka energi og betre psykisk helse. Det er mange ulike ting du kan gjere for å bli meir aktiv i kvardagen din. I denne læringsstien skal du
- få tips til ulike aktivitetar som kan passe for deg
- få kunnskap om dei positive effektane av fysisk aktivitet
- reflektere over betydninga av fysisk aktivitet
- sette opp ein arbeidsplan og gjennomføre eit firevekersprosjekt for auka fysisk aktivitet
Denne læringsstien er tverrfagleg og kan brukast i mange ulike fag. Han eignar seg òg godt som ein generell introduksjon til temaet fysisk aktivitet i ulike fag.