Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Kva veit du om læring?

Før du skal lære om å lære: Kva kan du om læring frå før?

Diskuter spørsmåla med ein medelev:

  1. Kva vil det seie å ha lært noko?
  2. Kva gjer du når du skal lære deg noko nytt?
  3. Kva for råd har du fått frå læraren din når det gjeld læring?
  4. Følgjer du råda du har fått? Grunngi kvifor/kvifor ikkje.
CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2019