Øving
Bli-kjent-leikar
Som ny på vidaregåande er det viktig for trivselen å bli kjent med dei andre elevane. I faget kroppsøving blir du kjent med medelevane dine på nye måtar, fordi du ser dei i andre situasjonar enn vanleg, gjennom leik, samarbeid og fysisk aktivitet.
Korleis?
- Alle sit i ein ring
- Første elev seier namnet sitt, andre elev seier den første eleven sitt namn, deretter sitt eige. Tredje elev seier den første eleven sitt namn, andre eleven sitt namn, og så sitt eige. Slik fortset det. Den siste (dette bør vere læraren) skal seie alle namna og avslutte med sitt eige.
- Vanskelegare: Sei alle namna i motsett rekkjefølgje. Elevane byter plass mens læraren snur seg. Læraren eller ein elev skal deretter seie alle namna.
Hensikt?
- Det er viktig å kunne namna til dei andre i klassen, for å få eit forhold til dei.
- Det er avgjerande for faglæraren, som skal vurdere elevane, at hen blir kjent med dei. Difor er det spesielt viktig å gjere dette i starten i eit fag med berre to timar i veka.
Korleis?
- Ti-trekk med bruk av namn.
- Det er om å gjere å kaste ti pasningar i laget.
- Når ein elev kastar, skal hen seie namnet til den på laget hen kastar ballen til.
- Elevane mistar ballen om dei ikkje seier namnet, då går ballen over til det andre laget. Klarer laget å sende ti pasningar med bruk av namn, får dei eitt poeng. Deretter er det det andre laget sin tur.
- Om laget mistar ballen, kan dei plukke han opp att, men må starte teljinga på nytt frå 1. Får det andre laget tak i ballen, er det deira tur, og dei startar så å telje frå 1.
- Tilpass ut frå klassestorleik. Du kan til dømes ha fire lag fordelt på to banar, eller to lag på ein bane.
- Det er ikkje tillate med kroppskontakt eller stuss av ballen.
Hensikt?
- Det er motiverande å øve på namna til dei andre i klassen i ei konkurranserelatert øving. Det krev samarbeid og styrker relasjonane.
- Elevane får øve på auge-hand-koordinasjon og romorientering.
Korleis?
- 2–4 elevar har sisten (tilpass til storleiken på gruppa)
- Når ein elev blir “teken”, må hen setje seg ned med eitt kne i golvet og armen opp i vêret. (Dette er no ein do.)
- For å bli “fri” må ein annan elev setje seg på doen og trekkje i snora (dra armen ned) når hen er “ferdig”.
Hensikt?
- Bli kjent med medelevar på nye måtar og byggje relasjonar.
- Trene uthald, hurtigheit, koordinasjon og taktikk.
Korleis?
- Ein må dele inn i 4–5 på kvart lag (avhengig av storleiken på matta).
- Elevane skal bruke to matter.
- Kvart lag skal kome seg over banen, det er berre tillate å trakke på matta. Går dei utanfor, må dei tilbake til start.
Hensikt?
- Elevane må samarbeide i gruppa for å få det til.
- Dei øver på kommunikasjon, taktikk, kreativitet og løysingsorientering.
Korleis?
- Ein må dele inn i lag på minimum fem elevar, men dei kan også vere seks, og maksimalt sju.
- Elevane skal halde ulike kroppsdelar i golvet, ingen andre delar av kroppen skal vere i golvet.
Læraren ropar ut kor mange føter, hender, rumper og andre kroppsdelar gruppa skal ha i golvet til saman. Til dømes:
- fem føter, to hender, ei rumpe (må tilpassast storleiken på gruppene)
- seks hender, fire føter, to rumper
- Det er om å gjere å vere raskast, gruppene konkurrerer mot kvarandre.
Hensikt?
- Elevane må samarbeide i gruppa for å få det til.
- Dei øver på kommunikasjon, taktikk, kreativitet og løysingsorientering.
Korleis?
- Del inn i grupper på 5–6 elevar.
- Elevane skal lage ulike bokstavar og tal med kroppane sine (i utgangspunktet liggjande på golvet, men dette treng ein ikkje seie noko om).
- Læraren ropar ut talet eller bokstaven, og det er om å gjere å vere raskast.
- Bokstavane A, C, O, Ø og tala 1,10, 11 er enkle å starte med. Start enkelt, og gjer det vanskelegare etter kvart.
Hensikt?
- Elevane må samarbeide i gruppa for å få det til.
- Dei øver på kommunikasjon, taktikk, kreativitet og løysingsorientering.
Korleis?
- Del inn i grupper på minimum fem elevar.
- Elevane skal byggje ein pyramide med kroppane sine (i høgda).
- Det kan vere lurt å gi elevane bilete med tips til ulike pyramidevariantar.
Hensikt?
- Elevane må samarbeide i gruppa for å få det til. Det er relasjonsbyggande.
- Dei øver på kommunikasjon, taktikk, kreativitet og løysingsorientering.