Hopp til innhald
Eigenvurdering

Evaulering av endringsprosjektet

Reflekter over erfaringane du har gjort etter 30 dagar med endring.

Reflekter og diskuter

Jobb med spørsmåla på eiga hand først. Deretter kan de diskutere dei i grupper eller i heile klassen.

  1. Gi ei vurdering av gjennomføringa av prosjektet.

    • Kva gjekk bra?
    • Var det noko som ikkje gjekk som planlagt?
    • Korleis blei livet ditt påverka av endringa du gjorde?
    • Kva tenkjer du om varigheita av prosjektet? Er 30 dagar lenge nok til å kunne endre ein vane?
    • Foreslå justeringar av prosjektet som vil gjere det lettare å nå målet ditt.
  2. Kva tenkjer du no? Kan éin person bidra til endring? Kan det i så fall skje

    • i venegjengen?
    • i familien?
    • i lokalsamfunnet?
    • nasjonalt?
    • globalt?
  3. Sett at du ikkje klarte å gjennomføre prosjektet slik du hadde tenkt – korleis kan vi argumentere for at prosjektet er vellykka likevel?
  4. Korleis kan vi bruke det vi har erfart i dette prosjektet til å jobbe for ei berekraftig utvikling?
  5. Kva råd vil du gi til andre som har lyst til å gjennomføre eit liknande prosjekt?