Set i gong prosjektet ditt for berekraftig endring!
Ta utgangspunkt i livet ditt og kvardagen din. Vel ein kvardagsvane som du skal endre. Endringa skal vare i 30 dagar.
Ta utgangspunkt i det berekraftsmålet du fekk som resultat i testen "Verdas viktigaste mål".
- Lag ei liste med nokre av vanane dine som kan knytast til dette målet (eller nokre av måla som dette målet heng saman med).
Bestem deg for éi endring du vil gjere. Vel gjerne noko som ikkje inneber å gjere meir av noko du allereie gjer. Slik vil du lettare få ei reell erfaring med å gjere ei endring i det du gjer til dagleg.
Diskuter valet du har gjort med læraren din og få prosjektet godkjent før du startar.
- Kva innverknad har den endringa du gjer på det berekraftsmålet du har teke utgangspunkt i?
- Korleis trur du endringane vil påverke livet ditt dei neste 30 dagane?
Tips! Etter å ha gjennomført testen "Verdas viktigaste mål" kan du sjå på "Dette kan du gjere" på resultatsida. Her finn du konkrete forslag til tiltak. Bruk desse som dei er, eller som inspirasjon til å lage dine eigne.
No har du 30 dagar med endring framfor deg. For å halde motivasjonen oppe gjennom heile perioden er det lurt å dokumentere det du gjer (eller ikkje gjer):
- Dokumenter prosjektet ved å ta bilete og skrive korte loggar fleire gonger i løpet av perioden. De kan til dømes opprette ein blogg eller bruke den læringsplattforma de bruker på skulen.
- Gi tilbakemelding på kvarandre sine innlegg undervegs i prosjektet. Viss de bruker Instagram, kan de bli einige om ein emneknagg som klassen skal bruke.
- Korleis kan det å gi tilbakemeldingar undervegs i endringsprosjektet ditt hjelpe deg til å nå målet?
Finn ut meir!
Undervegs i prosjektet kan du finne ut meir om det du prøver å endre. Undersøk ulike sider ved endringsprosjektet ditt, til dømes:
- Finn argument for og mot den endringa du gjer. Vurder argumenta opp mot kvarandre. Bruk gode og truverdige kjelder.
- Er det andre som har gjort liknande endringar?
- Kor lang tid tek det å endre ein vane?
Forslag til kjelde: Så fort snur du ein dårleg vane frå NRK.no
Relatert innhald
Ei kjelde kan gi nyttig informasjon. Bruker du riktig kjelde, og kven står eigentleg bak denne informasjonen? Lær meir om kjelder og kjeldekritikk.
Bruk denne sjekklista i arbeidet med å vurdere argument i ein debatt eller ein tekst.