Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Prosjektet mitt for berekraftig endring

Oppgåve

Set i gong prosjektet ditt for berekraftig endring!

Mykje av det vi gjer til dagleg, er med på å påverke om utviklinga blir berekraftig eller ikkje. Vel ein av vanene dine og prøv å endre han i løpet av 30 dagar.

Vel ein vane som du skal endre

Ta utgangspunkt i livet ditt og kvardagen din. Vel ein kvardagsvane som du skal endre. Endringa skal vare i 30 dagar.

Del 1: Bestem deg for endringsprosjektet ditt

Ta utgangspunkt i det berekraftsmålet du fekk som resultat i testen "Verdas viktigaste mål".

  1. Lag ei liste med nokre av vanane dine som kan knytast til dette målet (eller nokre av måla som dette målet heng saman med).
  2. Bestem deg for éi endring du vil gjere. Vel gjerne noko som ikkje inneber å gjere meir av noko du allereie gjer. Slik vil du lettare få ei reell erfaring med å gjere ei endring i det du gjer til dagleg.

    Diskuter valet du har gjort med læraren din og få prosjektet godkjent før du startar.

  3. Kva innverknad har den endringa du gjer på det berekraftsmålet du har teke utgangspunkt i?
  4. Korleis trur du endringane vil påverke livet ditt dei neste 30 dagane?

Tips! Etter å ha gjennomført testen "Verdas viktigaste mål" kan du sjå på "Dette kan du gjere" på resultatsida. Her finn du konkrete forslag til tiltak. Bruk desse som dei er, eller som inspirasjon til å lage dine eigne.

Del 2: Prosjektet er i gong!

No har du 30 dagar med endring framfor deg. For å halde motivasjonen oppe gjennom heile perioden er det lurt å dokumentere det du gjer (eller ikkje gjer):

  1. Dokumenter prosjektet ved å ta bilete og skrive korte loggar fleire gonger i løpet av perioden. De kan til dømes opprette ein blogg eller bruke den læringsplattforma de bruker på skulen.
  2. Gi tilbakemelding på kvarandre sine innlegg undervegs i prosjektet. Viss de bruker Instagram, kan de bli einige om ein emneknagg som klassen skal bruke.
  3. Korleis kan det å gi tilbakemeldingar undervegs i endringsprosjektet ditt hjelpe deg til å nå målet?

Finn ut meir!

Undervegs i prosjektet kan du finne ut meir om det du prøver å endre. Undersøk ulike sider ved endringsprosjektet ditt, til dømes:

  • Finn argument for og mot den endringa du gjer. Vurder argumenta opp mot kvarandre. Bruk gode og truverdige kjelder.
  • Er det andre som har gjort liknande endringar?
  • Kor lang tid tek det å endre ein vane?

Forslag til kjelde: Så fort snur du ein dårleg vane frå NRK.no

Relatert innhald

Fagstoff
Kjelder og kjeldekritikk

Ei kjelde kan gi nyttig informasjon. Bruker du riktig kjelde, og kven står eigentleg bak denne informasjonen? Lær meir om kjelder og kjeldekritikk.

Kjelder

Kvamme, O. A. og Sæther, E. (Red.). (2019). Bærekraftsdidaktikk. Fagbokforlaget.

Sinnes, A. T. (2020). Action, takk! Hvordan kan skolen lære av handlingene til unge mennesker for bærekraftig utvikling? Gyldendal Norsk Forlag.

CC BY-SA 4.0Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2020