Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Prosjektet mitt for berekraftig endring

Oppgåve

Kan éin person redde verda?

"Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt" er det noko heiter. Stemmer dette? Eller vil det ikkje hjelpe noko særleg viss alle berre gjer litt? Kan éin person bidra til endring, eller må endringar setjast i gong av styresmakter og store organisasjonar?

Live reddar verda. Litt.

I TV-serien "Live reddar verda. Litt." prøver Live Nelvik å leve så miljøvennleg som mogleg. Ho prøver ut ulike alternativ for å finne ut korleis ho kan bidra til å redde verda. Litt.

Før de ser episoden

  1. Les sitata under. Kva for eit sitat er de mest einig i?
    Ei lita endring kan ha stor betyding.
    Viss du gjer litt, blir lite gjort.
  2. Finn døme som støttar bodskapane i sitata. Finn døme som viser at sitata ikkje stemmer.
  3. Diskuter. Kan vi som enkeltpersonar utgjere ein forskjell? Korleis kan i så fall det skje? Gi døme.
  4. Finn døme på store endringar som starta med at enkeltmenneske sette i gong med noko. Kan éin person aleine bidra til forandring?

Sjå denne episoden frå serien "Live redder verden. Litt."

Etter å ha sett episoden

  1. Kvifor bestemmer Live seg for å gjere endringar?
  2. Gi døme på endringar Live bestemmer seg for å gjere.
  3. Live meiner det er viktig å forandre nokre vanar for å "redde verda". Diskuter: Kva skal til for å endre ein vane?
    Finn døme på vanar du har som ikkje er berekraftige.
    Kva for nokre av desse vanene vil vere vanskelegast å endre? Kvifor?
  4. Ta utgangspunkt i prosjektet til Live i filmen. Korleis kan eit slikt endringsprosjekt føre til endring, sjølv om du ikkje skulle klare å gjennomføre prosjektet slik du hadde tenkt?

Relatert innhald

Fagstoff
Politisk innverknad

Det er vi som bur i landet, som skaper politikk gjennom det engasjementet vi viser. Vi har fleire kanalar for slik politisk innverknad:

Fagstoff
Aksjonskanalen

Ved å aksjonere kan enkeltpersonar eller grupper rette merksemda mot ei sak for å prøve å påverke politiske avgjerder.

CC BY-SA 4.0Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2020